SUMSAR idag

”Automobil prøvetur 1912”

Komande sommar er det etter alt å døme 100 år sidan den første bilen kom i rute over Strynefjellet mellom hotella i Geiranger, Grotli og Hjelle. Det var hotelleigar Karl Mjelva ved Union Hotell i Geiranger som drog det heile i gong. Mjelva kjøpte tre sjuseters bilar frå Opel i Tyskland og fekk dei spesialbygde slik at dei kunne ta dei krappe svingane på turistvegane i Stryn og Geiranger. Han fekk med seg skyssmannen Arne Berstad og hotelleigaraneThor Hjelle og Markus Loen. Den første ruta vart driven utan konsesjon og måtte innstille.

Seinare på hausten hadde hotellfolka i indre Nordfjord greidd å få til ein autorisert prøvetur med automobil. Bilen vart utlånt frå hotelleigar Mjelva i Geiranger, men fylkesmannen i Møre og Romsdal nekta den å køyre frå Hellesylt og over Hornindalen til Stryn. Bilen måtte derfor køyre om Grotli, Hjelle og Stryn. På Strynefjellet køyrde bilen seg fast i nysnøen, men nokre timar forseinka kom den seg til Hjelle. Der måtta bilen førast i båt over vatnet. Det heldt på å gå gale idet dei skulle ta bilen om bord i prammen, men den kom seg trygt over vatnet. Frå Stryn vart den sendt til Sandane med Fylkesbaatane sin ”Kommandøren”.

Den første ”Automobilprøvekjøreturen” fann stad 13.-17. oktober 1912 og  gjekk frå Sandane til Vadheim og tilbake til Sandane. Med på prøveturen var fylkesmannen, fylkesingeniøren, postmeistaren på Eid og dei to hotelleigarane Petter Tenden og Markus Loen. Tenden, postmeister Schmidt og Loen var sentrale i skipinga av dei to første billaga i Fjordane.

A/S Nordfjord og Søndmøre automibilselskap vart skipa i 1914, og bilen på biletet er ein Opel lastebil. Passasjerane sat på lasteplanet og fotografen har fanga inn bilen like etter at den har snudd på vegenden (Berstad) den 23. august 1914. Sjåfør er Abraham Lunde.

Bilbransjen i Stryn vert med dette oppfordra til å markere 100-års jubileet for bilen i Stryn. Bil- og transportnæring er blitt viktig i trafikknutepunktet Stryn, og Stryn kan bli styrkt ytterlegare om Statens vegvesen sine ekspertar vert lytta til. Kan vere grunn til markering i år??

 

Sjå også: http://nrk.no/sf/leksikon/index.php/Fr%C3%A5_hesteskyss_til_rutebildrift 

og https://www.youtube.com/watch?v=PMTjo99YkVI (Motorfestival 2011)

 

 

 

Jenta på postkortet er Anne Ellingsdatter Brigsdal, f. 22. januar 1860 på garden Briksdal i Olden. Ho var dotter til Elling Anderssen Brigsdal og Andrine Rasmusdatter Aaberg. Biletet av henne er teke ved Rustøen i Oldedalen ikkje så lenge før ho reiste til Amerika. Iflg. Digitalarkivet reiste ho med Allan Linie frå Bergen den 18. april 1883. Billetten var betalt på førehand, kanskje av han ho gifte seg med etter at ho kom over. Knud Olsen Høialmen (f. 1855) frå nabogarden Høgalmen (Knutbruket) emigrerte to år tidlegare. Begge to hadde også kjenningar i Amerika frå før. Anne Lassedatter Brixdal reiste over so tidleg som i 1869. Ho var fødd på garden Briksdal, men familien overtok seinare eit bruk på Myklebust. Iflg. Folketeljinga i 1865 for Innvik var ho tenestejente på garden ”Høialmen” (Nilsbruket). Mor til Knut kom frå dette bruket.

 Av folketeljinga (Census) i USA 1910 for ”fylket” Benson i Nord-Dakota går det fram at Anne og Knut fekk to søner i Minnesota (Ole 1886 og Edwin 1888) og dottra Elma 1894 i Nord-Dakota (truleg Benson).

 I 1915 reiste brorsonen til Anne, Elling Anderssen Briksdal (f. 1897) til Amerika, til famile (fetter) iflg. Digitalarkivet. To av brødrene til Knut reiste også over, og fire søner av søstra hans Dorte.

 Fotografiet er teke av Alex Lindahl og utgjeve av i kolorert form av Mittet.

Korreksjon:

Iflg. ny kjelde er personen som er avbilda ikkje Anne, men søstra Eli Randine. Eli gifte seg med Rasmus Aabrekk 6. juni 1889, og same dagen gifte bror hennar Anders seg med systra til Rasmus, Janike. Eli vart fødd i 19. juni 1863 og døydde i 4. januar1918.

"Svingjen - du finns inte mer"

 ”Lyckliga gatan du finns inte mer
du har försvunnit med hela kvarter
tystnat har leken, tystnat har sången
högt över marken svävar betongen." 

Dei fleste som har levd ei stund kjenner til dette refrenget skrive av Britt Lindeborg og gjort kjendt av Anna-Lena Löfgren. "Lyckliga gatan" kom ut i 1967, på den tid ”utviklinga” så vidt var komen til Stryn. Ein kom inn i den tidsepoken der alt det gamle vart kasta på båten og dei nye ideane med asfalt og betong rådde grunnen åleine. Vi som har opplevd både det gamle og nye Stryn kan med godt samvit minnast oppveksten vår i ”lyckliga gatan”.  Mi lykkelege gate var området ikring ”Svingjen” i Stryn sentrum. Dei fleste husa som stod der måtte vike plass for utviklinga og framsteget sin tidsalder.

 Kvar gong eg høyrer denne songen om ”Lyckliga gatan” dukkar nokre minner frå oppveksten min fram; bygningar, personar, hendingar og lukter vert levande. Nokre av minnene er dessverre uklare, men nokre kjensler og minner sit igjen, og som gjer godt å ta fram av og til. Nokre vil kalle slikt for nostalgi; la gå, det er vel kanskje det, men like fullt kan det gjere godt å stanse opp i det stressande og målretta samfunn vi i dag lever i og tenke tilbake på det som ein gong var. 

 Sverre Nesje med ”krambuda” si, likte å prate med oss småungane, den karakteristiske ”småspyttinga” når han prata. Disken, kaffilukta, medisinar og godsakar. Å gå ærend for mor resulterte i belønning frå Sverre. Det vanka kandis-sukker eller drops. Eg var ikkje gamle karen då eg kjøpte South State til mora mi. Det mest spennande var likevel å få vere med inn på buda. Sverre venta tolmodig medan vi småstrikane fekk lov til å prøve og lyfte opp ein mjølsekk med taljene i Nesjebuda. Eg etterlyser bilete inne og ute frå forretningane i Stryn sentrum. Viss nokon har bilder eller kvardagslege minner som dei vil dele, send nokre ord til: rasmusistryn@hotmail.com.

Historie er å ta med seg det beste frå fortida. Å sitje på verandaen til Ruth og Brynjulf i Langeset-huset er noko av det kjekkaste eg veit. Her kan ein snakke om notida og framtida, og ikkje minst minnast fortida. Lyset som kjem inn, nærleiken til trea i hagen og menneska i stolane ved sidan av må berre opplevast. Eg vil dele eit av dei finaste bileta eg har med Dykk. Rasmus Jonson Langeset og kona Bergljot Magnhild f. Sunde ("Bella") med eldstedottra Helga Margrethe (mor mi) og hunden. Eit flott minne frå våren 1936. 

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.