på sætrane var dei frie....

Bilde nr 4 frå besøket til norsk-amerikanaren Bjarne A. Tonning og kollegaer frå Boing-fabrikken. Foto broren til Bjarne, K.A. Tonning. Har også bilete av Sigurd Nesdal, og viss eg ikkje hugsar feil underheldt han og dansa på festen. Veit ikkje om det var jonsokafta, men lys sommarkveld var det iallefall. Du hugsar kanskje dette endå betre enn eg?
Fest og oppvising i samband med Boing-besøket (Bjarne Tonning, sjå bileta under). Kjell Ove Henriksen, Jørgen Kirkeeide, Magnar Sæten, Hege Lødøen og Rigmor Isehaug er nokon av dansarane etter det eg kan sjå. Foto K.A. Tonning ca. 1975.
Per J. Sætre og Magne Nesje framme og Bjarne Tonning (raud skjorte) og Arne J. Sunde bak. Dei to smågutane trur eg er sønene til han Per. Han Per sit med gipsa fot og det skal ikkje forundre meg at det er fotballskade i samband med bedriftsserien i fotball som vart spelt midt på 70-talet. Eg var med sjølv i 1976/77 og det vart ikkje lagt noko i mellom i tacklingane. Eg spelte på Handel og kontor med Svein Øb\vreberg som suveren toppskårar. Foto K.A. Tonning.
Norsk-amerikanaren Bjarne Tonning i raud skjorte (bror til fotografen) på vitjing i Stryn saman med andre frå Boing-fabrikken der han jobba. Omlag 1975, fotograf K.A Tonning.
...men kvar er vi? Eg tippar Olden eller Hornindal. Er det nokon som kan hjelpe meg med opplysningar?

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.