..frå "Elverskud" til "Alte Kameraden"

Tøffingane i Subway ca. 1980

Mange bankande jentehjarte som får flashback av desse gutane og. Kjell Holko i midten framme, flankert av Guttorm Sæbø og Terje Raudi. Tore Lunde står bakerst. Hugsar at Brynjar Lilleheim var med også, og at Mathias Lilleheim laga ein av melodiane.

Stryneorkesteret Wirus 1980

Tre av karane kjenner eg, men den til venstre trur eg var frå Førde. Eller er eg på bærtur?

Spelemenn frå indre Nordfjord

Stryningar og Honndøle med fele! Brita Sørensdtr. Eldegard g. Nesje (f. i Årdal i Sogn) og sonen Svein sit i midten. Einar Espe bak til høgre. Espe var målar, frå Hornindal og budde på Lindset.

Stryn Mannskor anno 1912

1. rekkje frå v.: Hans Kirkeeide, Per Nedreberg, Jon Sætre, Lars Ytreeide, dirigenten Jakob Myklebust, Elling Bøe, Matias Lunde og Elling Øvreberg. 2. rekkje: Ragnvald H. Bøe, Andreas A. Vik, Rasmus M. Sunde, Mathias Lilleheim, Harald Tenden, Sigurd Bø, Ragnvald A. Bø, Karenius Bøe og Ingvald Bø. 3. rekkje: Martin Øvreberg, Einar Espe, Rasmus Tonning, Olav Bøe, Arne Bø og Jens Lien. Hunden, NN, reknar eg med var Jon Sætre sin (han var blind). Bøarane med eller utan e er eg ikkje heilt trygg på. Trøsta får vere at det er dei ikkje sjølve alltid heller innan same familie!

| Svar

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.