Frå "Kandis og pikapøse" til....

Nordfjord Handels- og Landmandsbank AS

Den første direksjonen i banken, frå venstre: Rasmus Yri, Kolbein Aarnes, Petter Tenden og Amund Øvreeide.

NORDFJORD HANDELS- OG LANDMANNSBANK AS

På folkemunne kalla:
Småstrikjebanken.
 

Fjordenes Blad 8.12.1917:

Ny bank i Stryn er under skiping. Ei nemnd av tri man er sett til aa fyrebu skipingi av banken. I nemndi sit lensmann Aarnes, hotelstyrar P. Tenden og handelsmann J. Raad. Banken skal hava namnet Nordfjords Handels- og Landmandsbank og skal vera eit lutlag. Der skal vera ein lutmidel paa 100 000 kroner. Herav er alt helvten teikna.”

I same avis tre dagar seinare vert det fortalt at vedtaket om å skipe den nye banken vart gjort i eit møte på Tonning den 3. desember 1917, og at det på dette møtet vart teikna aksjar for omkring kr 40.000,-.

Grunnen til at forretningsbanken vart skipa, var at næringslivet i Stryn ikkje lenger såg seg hjelpte med den gode, gamle sparebanken. I skipingsdokumenta for den nye banken var vedlagt ein ”Beretning om Bankens Stiftelse.” Denne seier innleiingsvis:

”Det er flere Aar siden Tanken om Oprettelse av en Privatbank for indre Nordfjord var oppe i Diskutionen, da man fandt, at Sparebankerne litet tilfredsstillet de Krav, som man i vor Tid maa stille til dem, hvis de skal kunne benyttes som Forretningsbanker.

Tanken blev dog den Gang stillet i Bero, idet man enedes først at opta Arbeidet for en Revision av Sparebankernes Plan i en mer tidsmæssig Retning, saalangt som dette var mulig inden Sparebanklovens Ramme, saaledes at de ved Siden av den Virksomhet de hidtil har drevet – hovedsagelig med langsigtige Laan – ogsaa i større Utstrækning kunde benyttes for Forretningsdrivende med kortsigtige Laan, Kassakredit o.s.v.

Dette Arbeidet viste sig imidlertid frugtesløst, og da Kravene til bedre Bankforbindelse stadig steg, besluttede man at sammenkalde til et Møte, hvor Saken kunde drøftes. Paa dette Møte, hvor alle Næringsgrene og Distrikter i indre Nordfjord var fyldig representert blev det under Diskutionen stærkt fremholdt, hvor daarlig stillet man herinde var med Hensyn til en moderne Bank, og hvor paakrævet en saadan Bank var.”


Mellom skiparane av banken finn ein dei viktigaste hotellfolka i distriktet: Markus Loen (Alexandra), Rasmus Skaare (Videsæter), Peter Tenden (tidl. Hotell Central), Johannes Ytreide (Smeby), Thor K. Hjelle (Hjelle), Kristian Visnes (Visnes), Sivert Yri (Yris) og dei fleste landhandlarane i distriktet. Innbydarane hadde på førehand teikna seg for kr 58.200,- og den resterande kapitalen vart overteikna med kr 11.800. Den nye banken fekk dermed ein aksjekapital på kr 100.000,-.

Personane bak den nye banken hadde prøvt å modernisere ”gamlebanken”, utan å nå igjennom, og etter den vellykka teikninga vart det kalla inn til konstituerande generalforsamling 20. februar 1918.

Annonse i Fjordenes Blad 31.01.1918.

I  meldinga frå den konstituerande generalforsamlinga vart vedtektene godkjent og selskapet vart skipa under formålet: ”at drive Bank og derved forbunden Virksomhet.”

Til medlemer av representantskapen vart fylgjande valde: Rasmus Yri, Olaf Langeset, Per Reme, Johan Raad, O. Bennæs, Arne Hægdal, Peter Tenden (”ordfører i repræsentantskapet”), Amund Øvreide, Ingvar K. Mork, Kolbein Aarnes, Markus Loen, Nils Nesje, Peder Øvreide, Hallvard Sindre, Mathias M. Nesje og R. Hole.

 

Rasmus Hole var representant i Nordfjords Sparebank, og meddelte at han derfor ikkje kunne vere med i ”Landmandsbanken” sin representanskap. Rasmus Næss møtte i hans stad. Representantskapen valde i møte 27.02.1918 det første styret (direksjonen). Dette bestod av: Rasmus Yri, Kolbein Aarnes og Amund Øvreide. Det vart på møtet vedteke å lyse ut dei stillingane som banken trengde:

 

Annonse i Fjordenes Blad 28. februar 1918. Petter Tenden vart tilsett som banksjef.


Peter Tenden vart i representantskapsmøtet 20. mars 1918 tilsett som administrerande direktør og Ivar Sandvik som kasserar. Sandvik var kasserar i to år, og den då 19 år gamle Rasmus Langeset vart tilsett i hans stad den 20. juli 1920.

 

Fjordenes Blad melder den 30.03.1918 fylgjande:
”Nordfjords Handels- og Landmandsbank

tilsette i møte 20. mars som revisorar R. Næss og Anders O. Øvreberg. Som ordførar og varaordførar i repræsentantskapet – istaden for Peter Tenden og lensmann Aarnes, der er no direktørar – vart valde handelsmann Johan Raad og R. Næss. Banken vert sett i gang vonleg i fyrstninga av mai. Banken hev leigt hus hjaa Johannes Ytreide, Tonning.”

Lensmann Kolbein S. Aarnes var med banken frå starten av, og var med i den første direksjonen. Då Peter Tenden flytte frå Stryn i 1923, tok Aarnes over som administrerande direktør for banken.


 

Annonse i Fjordenes Blad 14.05.1918

Banken leigde hus hjå Johannes Ytreeide, på Smeby Hotell. Banken heldt til i delen lengst vest. Utanfor hotellet ser ein hotellbilen, ein Adler med reg.nr. S 1145, og i bilen sit sonen til Johannes. Han heitte Johan og tok seinare over hotellet.

Fjordenes Blad 09.11.1929:

”Nordfjords Handels- og Landmandsbank flytjer til Olden.

Representantskapsmøte vart halde i Nordfjords Handels- og Landmandsbank i Stryn den 6. novbr. 1929. Lensmann Aarnes hadde sagt upp stillingi som adm.direktør i banken, daa hans stilling om lensmann no krev heile hans arbeid. Det vart daa tinga med Rasmus Yri um at han overtek bankchefstillingi, men det hadde han ikkje høve til utan at banken vart flutt til Olden. Representantskapsmøtet vedtok daa samrøystes at Nordfjords Handels- og Landmandsbank vert flutt til Olden straks, og Rasmus Yri vert sett til adm.direktør. Styre og representantskap elles ubrigda.”

 

Banken flytte til Olden, og leigde hus hjå Bendikt Brynestad (bakeri og pensjonat).

Flytting vart gjort utan samtykke frå det offentlege og i strid med konsesjonen, og flytta tilbake til lokala i Smeby hotell 9. mars 1932. 

 

Annonse i Fjordingen 09.03.1932

For 1921 var utbyttet 5%, og for ein aksje vart det kr 10,-. Årleg vart det utbetalt mellom 4 og 5% utbytte til aksjonærane i banken. I løpet av dei 20 åra banken var i drift vart det utbetalt i overkant av kr 80.000,- til aksjonærane.

Slutten av tjueåra og heile trettitalet var vanskelege tider, både for folk, kommunar og bankar. Konkurrenten Stryn Sparebank lånte ut mykje penger til Stryn kommune, og tapte stort då kommunen satsa på utbygginga av Ålfoten-anlegget. Dette førte til at banken kom under offentleg styring, og gjennomførte ein akkord. Det var mange i bygda som meinte at dei to bankane skulle slå seg saman. Ein kunne ikkje konkurrere når situasjonen var så vanskeleg, var det mange som meinte.
Dette er den siste rekneskapen og balansen som direksjonen i Nordfjords Handels- og Landmandsbank AS la fram. Som ein ser hadde banken framleis intakt aksjekapitalen pluss vel kr 20.000,- i fond og anna eigenkapital. Banken hadde ein tøff kvardag for å få det til å gå rundt, men "småstrikjebanken" greidde seg i tjue år og avslutta med verdigheit.

Kasseraren i Nordfjord Handels- og Landmandsbank AS Rasmus Langeset vart med over i Stryn Sparebank. Sparebanken heldt til i huset til Malene Stauri (Telegrafen), og Stryn Bokhandel flytte inn i lokala i Smeby Hotell. Rasmus Langeset vart seinare banksjef i Stryn Sparebank og ordførar i Stryn i to periodar. 

I arkivet etter Rasmus er det ein del interessant materiell frå tida i "småstrikjebanken", men det får ein kome tilbake til ved seinare høve. 
Annonse i Fjordingen mars 1939. Aksjonærane fekk tilbake kr 100,- pr. aksje, og det skulle gå meir enn 25 år før det kom ein ny forretningsbank til Stryn.

Harald Olsson Eikenæs

Det flotte Eikenæshuset som ligg strategisk ved Tonning bru. Postkontoret låg i nabohuset mot vest (Samuel Sætre m. familie) frå 1892 til ca. 1922. Utdrag frå historia om Harald Eikenæs skriven av barnebarnet Trygve Eikenæs: "Det første Harald begynte å handle med, var at han selde bær, kjøpte sild og salta i tynner. I tillegg til salg av tynner og bærkorger begynte han også med kolonialforretning. I det 3 etasjar store huset hadde han forretninga i 1. og yste delen. Når ein kom inn i forretninga, var der disk på begge sider og beint imot. På disken beint imot sto vekta og eit stativ med to - tre papirruller, pikaposer og vanlige poser som hekk i eit tau festa til ein spiker. På golvet i høgre kråa sto spyttebakken. Ein meter av disken til venstre att med inngangsdøra var det tillaga med hengsler slik at ein kunne vippe den opp når ein skulle inn om disken. Ein måtte gå gjennom kontoret for i komme inn på lageret ned mot elva. Der trappa svinga inne i huset opp til 2 etasje var ei dør og ei lita trapp som førte inn på lageret. Svalegongen i 2-etasje var der Marie og Harald bygde om til kjøkken og toalett. Lengst innover hadde Steffen sitt rom på venstre sida av gangen. I 3 etasje er svalegangen som den alltid har vore. Han var brukt til lager då vindedørene var der, og jektene la inn til huset. Dei andre romma oppe i 3 etasje er innstesalen, ystesalen og arkja."

Utsnitt av "Dagens bilete" 21. mars 2012 Grisehusgata. I mølla til Harald Eikenæs var der også mest truleg eit lite sagbruk i delen til venstre. Eit anna namn for vassrenne er slók. Dette var Harald Eikenæs sitt næringslivsverk. Han starta først som butikkmann hos Rasmus Sunde. Han var truleg også innom Nedstryn Handelsforening før han starta eigen verksemd i Krambua på det som i dag heiter Walhalla (utbygget mot vest). Han dreiv forretning i Krambua 10-15 år, før han flytte verksemda til det nybygde Eikenæshuset sommaren 1900 (Steinheim).

Frå høgre ser ein Harald Eikenæs og store-Jakob Bø (Vitle-Arnane). Ungdomen som held ferdige trespon er etter det eg kan sjå Einar Eikenæs (seinare sjåfør i Nordfjord &Sunnmøre Billag). Ungane er mest truleg frå Bruagrenda. Bjørk var det mest brukte materialet som ein høvla trespon til korgefletting. Høvelen vart driven av vatn. Harald Eikenæs var storeksportør av blåbær til England. Årleg sende han 10000 korger à 3 liter over Nordsjøen. Biletet er mest truleg teke ut med Vikaelva. Harald leigde kvern der ute.

Landhandelen til Hans R. Sunde

Eg trur dette er butikken hass Sunde-Hans, og at det er sonen Roald som sit attmed vekta. Er det nokon som veit noko om dette biletet er eg takksam!

Sunde-Hanshuset under bygging

Huset på eigedomen Sundby stod ferdig ca. 1903. Hans R. Sunde var ein av dei største kjøpmennene i Stryn på den tida. Faren hans kom frå Jølster og kom til Stryn som agronom hos Brandt i Perhustunet. Rasmus Sunde starta med handel ca. 1860, og bygde husa som idag er Telegrafen og Skomakerhuset. Husa vart opprinneleg oppført på eidedomen som Isehaug eig idag, og flytta ut der dei no står i 1890. Det vesle huset bak i biletet er huset til Kristen Tonning som vart flytta ut av tunet på øvre Tonning i 1901. Kristen bygde det som idag blir kalla Vesla-Pensjonat ca. 1905. Nils Bergem fekk skøyte på eigedomen i 1931.

Interiør frå krambua på Hoplandskaia

Peder Jonsson Hopland (f. 1886) og søstra Kristina ("i Nesa", f. 1889) inne i landhandelen. Utruleg mykje vare på liten plass, og imponerande kva som kan hengast i taket. Legg merke til sortimentet i krambua. Fantastisk. Biletet er teke rundt 1910 vil eg tru.

Krambua på Hoplandskaia

Anders Mattiasson Aaland starta landhandel på Hoplandskaia i 1905. Han flytte til Amerika i 1908 og selde handelen til Peder Jonsson Hopland. Peder vart telefonstyrar same året og i 1911 tilsett som dampskipsekspeditør. Han bygde kai og nytt forretningsbygg i 1920. Sonen Bjarne tok over eigedomen i 1956 og utvida og moderniserte forretninga. Tredje generasjon, Per Helge Hopland, dreiv forretninga i 35 år, frå 1974 til 2009. Forretninga vart då lagt ned, etter 104 års samanhengande drift.

| Svar

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.