på sætrane var dei frie....

Familien Eikenes/Aarheim/Løken på sætra. Leif Løken, kona Edel f. Aarheim og dottra deira, Idun. Bak henne Pernille Sølvberg (g. Aarheim), Ingeborg Eikenes og mor hennar, Ragnhild Larsdtr, f. Øvre-Flo (trur eg). Kan det vere Klemtane sitt sel dei sit framfor?
Kan dette vere dei fem karane som bygde og eigde Bjørnebakken i lag? Frå høgre: Rasmus Fænn, Gustav Hagen, Olaf Dobakk, Kristian P. Tonning og ein for meg ukjend.
Mest truleg vart denne hytta også reist av ein venegjeng. Eg har ein liten mistanke om at Dobakkjen var ein av dei. Er det nokon som veit noko om denne hytta si historie?
Her er første biletet frå sætra som vart lagt ned etter at eit snøras knuste sel og hytter. Sætra låg idyllisk til, nesten halvvegs opp mot Holevatnet, fram til ca 1960. Steinane på sætrevangen kan du framleis sjå, og det er heilt sikkert mange som har stoppa der på veg til Gulkoppen, utan å vite at det ein gong låg ei sæter på staden. Har du historier eller fakta om Karisætra er det berre å skrive her eller sende epost. "Glade Johan" er eit stikkord.

Nyeste kommentarer

23.06 | 18:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

...
08.02 | 11:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.

...
06.02 | 12:34

Finnes det noen info om DS Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1895?

...
06.02 | 12:32

Jeg har et bilde av en turistbåt som heter Frithjof som er fra 1895. Bildeteksten er: Bygget til turisttrafikk på Strynsvannet. Noen som har info om denne?

...
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE