...bil, buss og lastebil

Denne karen var med å prege bilhistoria i Stryn i ein generasjon, minst. Her er han fotografert i Myrane, rett nord for Betania, iført sjåføruniforma si.
Veit du noko om dette? Mange bilar og tankbil Esso, buss og lastebil. Kjenner igjen han Bil-Ola (Ola Auflem) med ansiktet mot oss i S-7683.
Mest truleg er dette Volvo med reg.nr. S-7109, første gong registrert 20.04.1967. Biletet er som dei fleste ser teke vest for Hotel Alexandra i Loen.
Beinnes var ein markant person innan transportsektoren i Stryn. Som disponent i L/L Nordfjord & Sunnmøre Billag i omlag 26 år (våren 1948 til 30.6.1974) var han med på eit stort hamskifte innanfor rutebilnæringa. Her står han på Biltun framfor ein Volvo levert av Vest-Karosseri AS. TV 18698. Bussane fekk blå farge då Billaget inngjekk samarbeid med Winge Reisebyrå tidleg på 1970-talet. Produktet heitte "Fjord Explorer Tours".
Sjå frontbilete av same bussen under på denne sida. Du må kanskje klikke deg inn frå "innhaldslista".

Nyeste kommentarer

07.12 | 07:35

Flott å både sjå og høyre☃️🙂

...
09.10 | 17:01

og ikke minst Gunnar Beinnes som var et utrolig slalåm talent

...
09.10 | 15:55

Tystigen. Her har slalåmkjendiser vært, eks Stein Eriksen og andre topper, lokale som Ivar Fure, Arne Nedreberg, Arne Ljåstad, Arve Ytre-Eide, Einar Berstad

...
27.09 | 17:48

Hei er det noen som har disse for bytte eller salg?

...
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE