motorsykkel med sidevogn.......

Her er nokre bilete etter bestefaren min, Rasmus Langeset f. 1901. Saman med søstrene Hanna og Ingeborg, broren Olaf og eit par vener, køyrde Rasmus ein motorsykkeltur i 1925. Turen gjekk frå Langeset og til Pollfoss. Dei stoppa også på Grotli. Rasmus sin motorsykkel var S-147 og Olav hadde ein Harley Davidsen, også den med sidevogn. Det måtte vere stort å ta ein slik tur på den tida.
På veg ned til Grotli. Frå venstre: Hanna, Olaf, Ingeborg og Rasmus. Alle med etternamn Langeset.
Posering utanfor Grotli. På motorsykkelen til venstre sit Ingeborg og Rasmus. Olaf står mellom syklane og lengst til høgre sit Hanna med ein for meg ukjend mann.
Kvilepause. Frå venstre: Hanna, ukjend, Ingeborg og Rasmus.
Rasmus, Hanna, Ingeborg og ukjend mann.
Like avanfor Pollfoss.
Olaf, ukjend, Hanna og Ingeborg. Maten smakar ekstra godt i Guds frie natur.
Ingeborg, Rasmus, Hanna og Olaf på veg over Strynefjellet.
Ukjend, Hanna, Ingeborg og Rasmus på Strynefjellet. ikkje så langt frå Tystigen (trur eg).
Framleis mykje snø nedover mot Videsæter. Sikkert ein flott tur, og dei overnatta truleg på Grotli. Mest truleg i slutten av juni månad. Dei var godt kledde på turen over fjellet.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Kim Jarre | Svar 08.10.2017 00.25

Flotte bilder! Syklene er begge amerikanske, men er ikke Harleyer. Den ene er en Reading Standard (PA), den andre en Indian (MA). Framgaflene avslører dem.

Aud Flore Bakke | Svar 12.11.2012 20.54

Så artig å sjå! Hanna og Ingeborg var ein del av min "barndoms grøne dal".Var ofte med mor til Langeset, og det var alltid kjekt hos"Långesettausene ".

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

I går | 22:51

Er du i slekt med Martha K.Vik (gift med Knut Jakobsen?
Jeg husker dem fra min barndom

...
26.09 | 08:44

Dette hugsar eg godt!!

...
26.06 | 15:29

Artig .-) Er interessert i gamle bilder av gårder i Stryn. har du noen?

...
28.04 | 23:45

Hei! Interessant. Vart han seinare heitande Hans Drageset? Har du info om familien?

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE