" i gode og vonde dagar"

Din overskrift

Strynelosjen i "Bergemsgrova"

Losjemøte eller ein slags dåp? Biletet er teke ovanfor kvernhuset til Mørebruket på Tonning, rett bak husa i Kvernhusgrenda Burettslag i dag. Lærar (for Framhaldsskulen, Markane og Bergsida krinsar og Utvik) John E. Tisthammer (f. 1893, d. 1929) er vel leiar for losjen og på andre sida av grova sit Søraa (reisesekretær for losjen). Eg trur musikaren Rolf Myklebust (f.1908, d. 1990) sit bak Tisthammer (til venstre). Eg lurer også på om tante Karen (Smeper) Ytre-Eide sit på andre sida av grova i forhold til Søraa. Eg vil tippe at biletet er teke rundt 1920-25. Kjenner du nokon er det fint om du tek kontakt. Prøver å rette etterkvart!

Innvik kyrkje 100 år 1924

Denne montasjen vart mest truleg laga i samband med at kyrkja var 100 år. Biskop Neumann og prost Pavels saman med prestane i Nordfjord vigsla kyrkja 28. juli 1824. Sokneprestane er frå v. oppe: Sebastian Geelmuyden, Oscar Schøtt Revers og Mads O. Andenæs. Under er Lauritz Chr. Ottesen.

Sokneprest Mads O. Andenæs med familie

Sokneprest Mads O. Andenæs, f. 15.05.1855 i Gloppen, kona Signe T. Mydland g. Andenæs 1906 f. 03.06.1883 i Haugesund og alle borna: Olav M. Andenæs, f. 27.04.1907 i Tysvær, Torleif M. Andenæs, f. 07.08.1908 i Tysvær, Erling Rye Andenæs, f. 21.11.1910 i Innvik, Johannes Bratt Andenæs, f. 07.09.1912 i Innvik, Axel Andenæs f. 17.12.1914 i Innvik, Øyulf Andenæs, f. 14.12.1916 i Innvik, Sigurd Mads Andenæs, f. 02.09.1918 i Innvik, Tønnes Andreas Andenæs, f. 25.06.1923 i Innvik.

Familien Andenæs kom til Innvik i 1909 og flytta til Bærum i 1925. Seks av dei åtte sønene vart fødde i Innvik.

Sjå meir her: http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Mads_Olson_Anden%C3%A6s

Familien Mads O. Andenæs

Folketeljinga i 1910 viser fylgjande personar busette på prestegarden Langveed:

Sokneprest Mads O. Andenæs, f. 15.05.1855 i Gloppen, kona Signe T. Mydland g. Andenæs 1906 f. 03.06.1883 i Haugesund, Olav M. Andenæs, f. 27.04.1907 i Tysvær, Torleif M. Andenæs, f. 07.08.1908 i Tysvær, Erling Rye Andenæs, f. 21.11.1910 i Innvik, Johannes Bratt Andenæs, f. 07.09.1912 i Innvik, Vetzera Iversen, f. 17.12.1885, Bergen, lærer husholdning, Kristianne A. Feleide, f. 04.12.1886, Gloppen, kjøkenpike, Ane J. Hauge, f. 24.09.1887, Gloppen, hus og kreaturstel og Anne K. Sandal, f. 28.08.1857, Breim, strikkerske.


B.nr. Bostedets navn Matr.nr/Gnr Løpenr/Bnr Antall husholdninger Tilstedeværende personer Hjemmehørende personer
0032 Langveed 46 1 9-4-5 8-4-4
Familien til sokneprest Mads O. Andenæs framfor prestebustaden i Innvik ca. 1910.

Bakside av postkort

Bakside av postkort frå Signe og Mads Andenæs til søste Anne Skrede.

Brud Oleanne Andersdatter Viig

Oleanna gifte seg med Jakob Endresen Tonning (Tonningsøren) den 5. januar 1897, nesten 20 år gammal. Dei eigde bruket som Alvdis Sunde tok over (adoptivdotter). Her sit Oleanna saman med dei fem søstrene sine. Framme frå v.: Barbro (f. 1873), Oleanna (f. 1877) og Kristi (f. 1869). Bak frå v.: Ingeborg (f. 1875), Brite (f. 1878) og Pernille (f. 1880). Foreldra var Anders Olsen Viig og Oline Ingebrigtsdatter Fænn. Han eigde Innigard Vik. Kristi var mor til Andreas A. Vik (underteikna sin farfar). Foto J.K. Maurseth.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Audun Myklebust. Plassmangel- | Svar 31.03.2013 23.33

Losje Stryningen nr.631 på utfflukt til Bergem grova ja. Tishammar er L.F. losje fullmektig.Rolf er truleg Ø .T. øverst templar .den som styrer møtet. Alle med

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

26.06 | 15:29

Artig .-) Er interessert i gamle bilder av gårder i Stryn. har du noen?

...
28.04 | 23:45

Hei! Interessant. Vart han seinare heitande Hans Drageset? Har du info om familien?

...
28.04 | 20:28

mine ener er også rasmus dragsæter og elisabeth bergendal jeg er etter deres sønn Hans Muri

...
26.04 | 21:37

Kjempefin !

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE