Hornindal

Postkort frå Hornindal

Med oldefar frå Seljeset (bruket til Lingen), svigermor frå Lødemel (Bjønnjabakkjen) og svigerson frå Bakke (Solheim) er det vel naturleg å ha med ei side om Hornindal. Biletet her er teke i bakkane ovanfor sentrum. Eg tippar det er ein stad mellom barnehagen og ungdomshuset. Postkortet er utgjeve av M.M. Lohne nr 520.

Småjentene på Grodaassanden

Utsnitt av eit Normann kort frå 1924, nr. 8054. Idyllisk.

Storfølgje på Raftevold

Flott Lystadkort frå Raftevolds Hotell. Mange fine bilar framfor hotellet.

Barnevogn utanfor Raftevolds Hotell

Artig motiv frå hotellet. Barnevogn, bilar og folk på verandaen. Foto Harstad.

Mathias P. Kjøs

Mathias P. Kjøs heime på låvebrua i Kjøsapollen. I bakgrunnen husa på Storeneset (i Nesa). Axel Lindahl tok dette biletet ca 1888, og det er gjeve ut på postkort.

Flott klededrakt

Nærbilde av Mathias (f. 1816, d. 1893). Kortet er utgjeve i Sverige av Axel Eliasson Konstforlag, Stockholm og er kolorert. Mathias kan ikkje vere mykje over 160 cm høg, men er til gjengjeld langbeint. Legg spesielt merke til kleda han går med.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

per øen | Svar 06.04.2012 01.53

Litt feil i teksten din her. Bilde er tekje frå ein plass ovafor tunet i Bøe, der Pisani bur no, og ut mot hovedtunet i Kjøs der Mathias bur.

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

I dag | 22:51

Er du i slekt med Martha K.Vik (gift med Knut Jakobsen?
Jeg husker dem fra min barndom

...
26.09 | 08:44

Dette hugsar eg godt!!

...
26.06 | 15:29

Artig .-) Er interessert i gamle bilder av gårder i Stryn. har du noen?

...
28.04 | 23:45

Hei! Interessant. Vart han seinare heitande Hans Drageset? Har du info om familien?

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE