Slekt og familie

Asbjørn A. Vik i Oslo ca. 1955

Her er Asbjørn fotografert i ei gate i Oslo. Han jobba som rørleggar og er her ca. 25 år gammal. Strame kar!

Familien på piknik

Ragna Louise Vik f. Sandal lurer fælt på om tvillingane Asbjørn og Rolv greier å få fyr på primusen! Boksen den låg i er til høgre i biletet. Var heilt sikkert stor stas med ei slik nyvinning. Typisk søndagstur på 1940-talet.

Idun og Ole Tenden sitt bryllaup

Heile gruppa utanfor Visnes Hotell. Sjå utsnitt under. Foto K.A. Tonning.

Her er nærbilete av familien til brura. Namna kjem etter kvart og datoen.

Familien i grøne huset....

Unikt fargebilete frå før 2. verdskrig. Ruth Bodil, Bergljot Magnhild f. Sunde, Helga Margrethe og Rasmus J. Langeset heime i stova på Tonning. Ruth er fødd i 1938, og eg reknar med at ho er vel eit år på dette biletet.

Kjærleik til far....

Helga Margrethe og Rasmus i spisestova.

I gode og vonde dagar....

Brudeparet Karstad; Nils Madsen og Margit Pedersdtr. Sunde gifte seg i Nedstryn kyrkje 23. juli 1927.

På køyretøyet.....

Her er Nils og Margit i sjuseteren etter vigsla.

Bestefar Rasmus i "kongens klær"

Rasmus Jonsson Langeset f. 5. januar 1901 og døydde 8. august 1967. Rasmus var i HM Kongens garde, og det var ein av grunnane til at han under 2. verdskrig var Milorg-leiar i Stryn. Under den store opprullinga på Vestlandet gjekk han klar. Mor mi fortalte at han hadde laga seg eit "reir" (gøymestad) i ei stikkrenne på Langeset. Sivil utdanning var mellomskule og handelsskule. 20 år gammal vart han tilsett som kasserar i Nordfjord Handels- og Landmandsbank AS (sjå meir under "Handel og vandel"). Rasmus var ved sidan av bankjobben sin sjef for Forsyningsnemnda under det meste av krigen. I 1949 vart han adm.direktør i Stryn Sparebank og i 1952 vald til ordførar i Stryn (sat i 8 år). Sjå også andre bilete under.

Paa gjengrodde Stier

Peder Larsson Sunde, fødd i Nigard på Storesunde 22.01.1850 og døydde 87 år gammal 22.08.1937. Peder var gift med Magrete Arnesdotter Tonning (dotter til lagtingspresident Arne O. Tonning). Peder var skulemeistar (og kyrkjesongar) i Stryn. Han var først lærar i Solheim og Tenden krinsar før han i 1896 vart lærar på Tonning. Han flyttte då med familien frå klokkargarden på Solheim til bruk nr 11 på Tonning. Han gjekk av etter 50 år som lærar i 1921.

Jenter med arbeidsnevar

Ragna Louise Reielsdtr. Sandal t.v. saman med ei veninne (eller søster). Ragna var fødd i Breim 22. oktober 1893. I folketeljinga 1910 er ho "fjøsstjorn" på garden til Kristoffer Jakobsen Hjelle i Breim. Begge desse jentene har hender som viser at dei måtte arbeide for føda. Biletet er teke ca. 1914 av J.K. Maurseth i Stryn.

Turngutar

Andreas A. Vik og kameraten Ole Andreassen Hol f. 17. september 1889. Eg trur gutane var syskenborn.

På sykkeltur....

Asbjørn A. Vik på sykkeltur ca. 1950. Sjå meir tekst og bilete om Asbjørn under.

Stensrud-tvillingane

Rolv (Rulle Rask) og Asbjørn (Bass) vart fødde i Stryn 17. september 1930 som dei to yngste i søskenflokken på fem. Foreldra var Ragna Louise f. Sandal og Andreas A. Vik.

Helga Margrethe ute på Langeset

Helga Margrethe og søstra Ruth Bodil var i oppveksten ofte ute på Langeset der faren Rasmus kom frå. Dei budde for det meste hos tantene Ingeborg og Hanna, og måtte hjelpe til i arbeidet på garden.

Rasmus og Bella

Bergljot f. Sunde og Rasmus J. Langeset slappar av heime i hagen.

Familien på Tonning

Hageselskap på øvre Tonning, ved det som vi i dag kallar Arnljothuset. Frå venstre kan ein sjå: Margrethe A. Loen f. 1925, Nils Madsen Karstad, Magrete Arnesdtr. Tonning g. Sunde, Bergljot Pedersdtr. Sunde, ukjent dame skjult, Hjørdis Pedersdtr. Sunde g. Loen ( med Andreas J. Loen, Utvik) med tvillingane f. 1928 Johan-Iver og Liv-Malmfrid på fanget. Ved sidan av dei Margit Pedersdtr. Sunde g. Karstad med Solfrid A. Loen f. 1923 framfor seg. Magrete Arnesdtr. Tonning Sunde døydde 9. februar 1930 og Nils og Margit gifte seg 23. juli 1927. Biletet er truleg teke sommaren 1929.

Jon Jonsson Meland Langeset f. 1871

Bilde av oldefar med fuglehund. Jon gifte seg med enkja på Langeset, Helga Hansdtr. f. 1860, Holmøy. Saman fekk dei ungane Rasmus f. 1901 og Jenny f. 1903. Helga og den første ektemaken Rasmus Olson Langeset f. 1854, hadde borna Elisabet f. 1883, Ingeborg f. 1885, Olaf f. 1889, og Hanna f. 1895.

To gode veninner

Malene Nesje (gift Lilleheim) saman med Helga Margrethe Langeset (gift Vik) ca. 1955. Vil nytte høve å gratulere Malene med dagen den 8. april. Gratulere!

Laika på hytta

Helga Margrethe Langeset Vik, Laika (Buhund) og Jon Rasmus Langeseth Vik på hytta på Bøasætra ca. 1965.

Bøasætra ca. 1970

Bergljot Sunde Langeset, Asbjørn A. Vik, Helga Margrethe Langeset Vik, Arild Helge Vik, Ruth Bodil Langeset Loen og Brynjulf Loen sr. på hytta ca. 1970. Det å kunne gå ned på fellesfjøsen og hente nymelka heilmjølk på spann, er eit minne eg aldri kjem til å gløyme!

Magrete Arnesdtr. Tonning

Magrete (f. 1863, d. 1930) var dotter til Oline Rasmusdtr. f. Muri og lagtingspresident Arne Olssen Tonning. Her er ho avfotografert på Jenteskolen i Holmedal i 1880. Ho gifte seg med Peder Larsson Sunde. Sjå bilete av familien deira her: http://www.stryn.biz/73222530/251389/posting/skulemeisterfamilien-på-tonning Dagens bilete 8. april 2012.

Heime på perm

Sommaren 1979 - Arild Helge og Jon Rasmus. No e lisjebroren passert 50 og! Å vere i den kongelege norske marine var ei oppleving - på godt og vondt. Godt når ei landkrabbe innja fjordane endeleg sette sjøbein og ikkje lenger vart sjøsjuk! Helsing til skipskamerat Terje Sunde og alle andre som var i marinen i 1979/80.

Bursdagsbilde 7. juni 1964

Underteikna sin 5 årsdag i Langesethuset (Grønehuset). Frå v.: Brynjulf Loen jr, Arnljot Loen, Bergljot (Bella) Langeset, Jon Rasmus (eg), Helga Margrethe Vik og Arild Helge Vik. Hunden vår heitte Leika.

Andreas Andersson Vik som konfirmant

Andreas var fødd i 1891 og konfirmert i Nedstryn kyrkje 7. oktober 1906. Sjå bilete av heile konfirmasjonsgruppa på: Bildeskatt i Stryn på FB-profilen min.

Brudeparet Stensrud

Ragna Louise Reielsdtr. Sandal f. 1893 og Andreas A. Vik gifte seg i Nedstryn kyrkje 16. oktober 1918. Ragna var dotter av Reiel Pedersen Sandal frå Breim.

Besta Ragna med Reidar i barnevogna

Reidar Ansgar vart fødd 25. oktober 1920, og foreldra Ragna og Andreas hadde då bopel på Sandbakken. Andreas står oppført som arbeider. Eg veit ikkje om han arbeidde på Stryn Cementsteinfabrikk eller på veganlegg. Den andre kona på biletet kan vere Anna Sandbakk (gift med steinarbeider Kristian Sanbakk) med sonen Kåre Anfinn som vart fødd 2. februar 1921. Bilete henta frå FB, innlagt av Jan Stensrud (sonen til Reidar).

Stensrud-familien

Ragna Louise f. Sandal og Andreas A. Vik framme. Bak står barna: Karsten, Asbjørn, Reidar, Rolv og Idun. Andreas var arbeidar og eigde sandskute saman med sonen Karsten. Ungane vaks opp i ein trygg og god heim, der ein lærte å setje pris på det vesle ein hadde. Det var vanskelege tider på tjue- og trettitalet, men ved hardt arbeid og nøysemd greidde familien seg godt.

Stensrudtvillingane med familie

Bilete frå stova i Innigard Vik: Bak f.v.: Rolv, Ragna Louise f. Sandal, Andreas A. og Asbjørn A. Vik. Framme f.v.: Søskena Ingeborg f. 1875 (g. m. Lars Bø, Kjøs), Kristi f. 1869 (mor til Andreas) og Kristian A. Vik f. 1881 (starta Kr. A. Vik rørl.f.). Biletet er teke ca. 1945.

Seks søstre "Andersdatter" Viig

Oleanna gifte seg med Jakob Endresen Tonning (Tonningsøren) den 5. januar 1897, nesten 20 år gammal. Dei eigde bruket som Alvdis Sunde tok over (adoptivdotter). Her sit Oleanna saman med dei fem søstrene sine. Framme frå v.: Barbro (f. 1873), Oleanna (f. 1877) og Kristi (f. 1869). Bak frå v.: Ingeborg (f. 1875), Brite (f. 1878) og Pernille (f. 1880). Foreldra var Anders Olsen Viig og Oline Ingebrigtsdatter Fænn. Han eigde Innigard Vik. Kristi var mor til Andreas A. Vik (underteikna sin farfar). Foto J.K. Maurseth.

Familien frå Innigard Vik

Oline Ingebrigtsdtr. f. Fænn og Anders Olsson Vik med heile ungeflokken sin. Kristi f. 1869 er den eldste og yngstemann er Ingebrigt som vart fødd i 1883. Tippar biletet er teke ca. 1890. Mora Oline døydde i 1893. Skal skrive på namna på alle ved høve.

Oldebesta Kristi Andersdtr. Vik

Kristi f. 1869 på sine eldre dagar. Eldre damer brukte sjal på den tida. Ho døydde i 1958, nesten 90 år gammal. Ho fekk sonen Andreas med Anders Andersson Seljeset. Anders reiste til USA våren 1891 då Kristi var 3 mnd. på veg med Andreas. Anders kom tilbake til Norge ti år seinare og ville ha Kristi og Andreas med seg over dit. Men Kristi svarte at ho hadde levd med skamma so lenge, og at ho greidde seg sjølv. Kristi var tenestejente og bakstekone det meste av livet sitt. Ho måtte arbeide for å skaffe mat til seg og guten sin. Anders Seljeset reiste tilbake til USA og vart gift med ei jente frå nabogarden i Hornindal (Taraldset). Dei fekk eit strevsamt liv i Amerika.

Helga Margrethe og Asbjørn

Helga Margrethe f. Langeset og Asbjørn A. Vik på forlovingsdagen 1. oktober 1956. Dette var også 21-årsdagen til Helga Margrethe. Asbjørn var nettopp fylt 26 år. Eit pent par. Begge jobba i Oslo i denne perioden, og biletet er teke på ein restaurant der.

Brudeparet Vik

Helga Margrethe og Asbjørn gifta seg på Lillehammer 30. august 1958 saman med venneparet Tove og Bjarne Tonning.

På Bøasætra

Helga Margrethe, Asbjørn og Margrethe Karstad på Langeset-hytta sist på 50-talet. Dei ser ut som Hollywood-stjerner.

Stryningar i byn

Martha og Knut Jakobsen på Oslo-restaurant saman med Asbjørn A. Vik og Helga Margrethe Langeset. Datoen er 1. oktober 1956. Helga Margrethe feira 21-årsdagen sin og ikkje minst at ho og Asbjørn trulova seg denne dagen.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

bjarne d,sunde | Svar 22.01.2016 22.42

kjekt å sjå ein vidunderleg person som asbjørn var,vi arbeida ilag på nk.på 70 tallet.ein livsglad homurist eg aldrig gløymer.

per amundsen | Svar 10.04.2015 12.15

Flott!

Wenche Ryager | Svar 15.08.2013 23.08

Flott familie!

Randi Tenden | Svar 05.05.2012 19.32

Idag har eg og mamma sete og sett bilde, kom nokre tårer. Ho tykte det va veldig kjekt

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

28.04 | 23:45

Hei! Interessant. Vart han seinare heitande Hans Drageset? Har du info om familien?

...
28.04 | 20:28

mine ener er også rasmus dragsæter og elisabeth bergendal jeg er etter deres sønn Hans Muri

...
26.04 | 21:37

Kjempefin !

...
17.03 | 19:56

select * from *

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE