FISKE
Laks i Oldeelva
Sivert Yri, truleg med den største laksen som er teken i Oldeelva. Er det nokon som veit noko om historia bak dette? Storleik, når, kvar og med kva slags utstyr denne vart fiska. Var det Sivert som tok den? Her heng laksen på døra til ishuset på Yris hotel.
Fiske på Rake

På kvar av gardane Strand og Rake var det iflg. folketeljinga 1900 år registrert ein fiskar. Etter å ha undersøkt litt nøyare finn ein fort at offentlege statistikkar ikkje fortel den fulle sanninga, verken om omfanget av fisket eller kor mange som deltok. Knut O. Rake og Jon Solvik har sjølve vore med å kasta not på dei mange faste kasta frå Tyvaneset til ytste del av Rake. Knut fortalde at det vart slutt på kastinga ca. 1967-68. Fjorden var då mest tom for fisk. Det var forresten frå garden til Knut han kom frå einaste fiskaren på Rake i 1900. På Rake var det 4-5 nøter, og då silda eller brislingen kom inn i fjorden var nesten alle i grenda med. Folk frå Oppheim var også leigde inn for å hjelpe til under fisket. Dei faste kasteplassane var nøye utvalde gjennom år med erfaring. Eine enden av nota vart festa i land med eit langt tau (bastetau, kanskje heimelaga). Dei rodde så ut nota og la ho i ein halvrunding før dei festa det andre tauet i land på andre sida av kastet. Tau og not vart så dregen inn og samla og dei kunne dra fisken rett opp i båten/båtane. Torsk, sei, flyndre, ål, kviting og hyse vart på Rake kalla for ”skrefisk”. Aaland skriv: ”I 1661 seier matrikkelnemnda at kasting etter småsild var godt lunnende til garden. I 1723 hadde han ikkje lunnende av sildefiske, og jorda var då tunn og skarp. I nyare tid har fisket etter sild, laks og aure vore eit godt lunnende til garden”.

 

Knut og Jon kan begge på rams namna på alle kasta, og dei to første ligg rett innanfor Tyvaneset og vart kalla ”Ytre og indre Engjane”. Nærare Lovik ”Løngbakkane og Kleiva”. ”Vik” var kastet der skulen i Loen ligg i dag. Nedanfor Lovik Camping låg ”Elvaneset og Holmen”. ”Hola” var rett utanfor husa til Drageset. Rett innanfor Lo-kaia var ”Kjegla” og utanfor ”Toskehola”. Det neste var ”Bastereisa” og utanfor det ”Longesvade”. I Solvik var ”Jokvia” og vidare ”Karikvia og Garnsteinen” som låg litt innanfor vegkrysset til Oppheim. ”Hågjen” (sjå også biletet) gjekk frå ”Falljebryggja” på Rake og nesten ut til fyrlykta på Raksneset. Dei to siste kasta til Rake var i Marsåvika. Innanfor skjæret  ”Vorren” og på ytste sida av skjæret var ”Sundet”.

: ”Parti nær Loen i Nordfjord. J.K.” Fotograf kan ha vore J.K. Maursæth. Svart kvitt versjonen er postempla i 1906 og gjeve ut av eit svensk forlag, nr. 8341. Biletet viser ”Falljebryggja” på Rake der ein finn kastet ”Hågjen”. Bryggja var kledd med tømmerstokkar for å skåne båtane og ein ser også nothenget. Mannen med hatt og tau over skuldra er truleg Harald Ellingsen Rake frå Kristianbruket, født i 1864, døydde 77 år gammal. Av folketeljinga i 1865 og kyrkjebøkene går det fram at familien til Harald budde om lag 10 år i Bremanger på garden Mulelid. Ungguten til venstre på biletet kan vere faren til Jon Solvik, som heitte Laurits Andreas Rasmussen Solvik. Han var fødd i 1890 og døydde 92 år gammal. Han var mykje på fjorden i fiske.
Fiskebåt ved Avlei
Det kan vere K som er siste bokstaven. Då kjem båten frå Kinn og heiter Flid og er bygd i 1908. Eigar Herman M. Skorpen.
Fiskebåt SF39A mot Avlei
Eg fekk eit godt tips frå Torbjørn, og eg fann fram til ein god link for registreringsnr. på båtar frå sogn og Fjordane:
http://biblioteket.imr.no/e-tidsskrifter/fylkesvis/Sogn_og_fjordane/sogn_og_fjordane.htm
Siste bokstaven i registreringsnr. kan ikkje lesast 100% sikkert, men det ser ut som ein A. Legg ut eit nærbilde av reg.nr. Postkortet frå Normann har nr. 12-37-46 og er frå perioden 1945-1950. Dersom bokstaven er A heiter båten Sydvær, er 30 fot lang, bygt i 1938, motor Union og er eigd av Moritz Værøy m.fl. frå Værlandet.
Er det nokon der ute som veit noko om denne fiskebåten som låg ankra opp på Oldebukta? Var ein som vart kalla "Forsøk", men det er vel neppe denne?
FISKAR PÅ SKARSTEIN I OLDEN
FLOTT BILETE MED OLDØREN I BAKGRUNNEN. ER DET NOKON SOM VEIT NOKO OM DETTE BILETET? KVEN PERSONEN ER ELLER ANDRE OPPLYSNINGAR OM FISKE I OLDEN? DET ER OGSÅ INTERESSANT MED ELVEFISKE FRÅ OLDEN. HER KJEM MEIR OM DET SEINARE. 
FISKARAR MELLOM OLDEN OG INNVIK
FJORDFISKE I INDRE NORDFJORD
Fiske var i eldre tider ei viktig attåtnæring, både for fattig og mindre fattig. I gamle Innvik kommune var det i følgje folketeljinga 1900 heile 28 mann som hadde fiske som næring. Dei fleste hadde fiske som næring sidestilt med handverk eller gardsarbeid. Av desse 28 var berre 3 gardeigarar.

Kor dette biletet er teke kan eg ikkje seie sikkert, men ser ikkje vekk frå at det kan vere teke på Vanberg eller Agjeld. På Vanberg var det ein Rasmus Olson f. 1834 som var "Fisker og Bøkkert". På Agjeld (husmann under bruk 39 Leirnesset) var John Johnsen Agjeld f. 1840 Breim oppgjeven både med "Husmand, Turistskyds og fiskeri" som yrke.

Har du opplysningar til biletet eller andre interessante bilete du vil dele, ta kontakt eller send melding.
Kjempelaks
Ingeborg og John med kjempelaksen.
Ingeborg Aarheim og John Eikenes
Ingeborg (f. 1896) og John (f. 1900) var to av ungane til han "Ivar me` brunå", Iver Eikenes (f. 1867). Iver var ein av dei som hadde det meste av utkoma si frå fiske. Han hadde fast garnplass ved Nerbergskastet og dreiv også med drivgarnsfiske i Stryneelva. Bruagrenda hadde fleire yrkesfiskarar på den tida. Lasse Nyhagen og "Bakar-Rasmus" (Myklebust) var samtidige med Iver og seinare fekk ein "Bakar-Bassen" (Arthur Myklebust) og "Vitle Sølvbergjen" (Einar Sølvberg).

Iver budde i hus nr. 3 vest for gamlebrua (på elvekanten), og sonen John bygde hus på andre sida av vegen. Ingeborg gifte seg til bruk nr 2 på Aarheim, men vart tidleg enkje. Ho er mor til Olav Aarheim, som også har vore ein ivrig fiskar. Ei av kjeldene mine fortel at John og Ingeborg hadde lottar i Nerbergskastet også etter at Iver døydde.

Saman med Olav Nyhagen kjøpte John to motorbåtar: "Jakken og Gladan". Dei dreiv mellom anna med sjukehustransport (til Florø). Dette vil ein kome tilbake til ved eit seinare høve.


Laksen på biletet er mest truleg teken i fjorden med kilenot på Nerbergskastet i slutten av mai ca. 1930, og vog truleg 24-25 kg.


STRIKKEN

Olav J. Bøe eller Strikken som han vart kalla, vart fødd i Svingjen 23.12.1913. Foreldra var Strikkar-Annje (Anne Olsdotter f. Maurseth) og John Jensen Bøe (fabrikkarbeider, mest truleg på AS Stryn Cementstenfabrik som starta i 1912).
Huset deira låg omtrent der Elektrogården ligg i dag, på ein plass som vart kalla Håganeset (Høgeneset). Strikkar-Olav flytte det inn på Rise i 1949-50 i samband med at han gifte seg med Marta på "Forene" (Ytreeide).
Strikken jobba mange år hos Aug. Ytre-eide, med vulkanisering og sykkelreparasjon. Han starta med sal og reparasjon av sykkel i kjellaren på Rise. Viss eg ikkje hugsar feil, forhandla han sykkelmerket Diamant.
Det som mange hugsar Strikken for, er fiske. Han var ein av dei som alltid fekk fisk. Han låg omtrent dagleg ute på Strynebukta og langs strendene med båten sin etter at han vart pensjonist. Både som småstrik, og 19-20-åring hadde eg gleda av å møte han ofte. Eg jobba på Sementsteinfabrikken halvåret før og etter at eg var i marinen (januar 1979-april 1980), og Strikken hadde båten sin på Visnes. Der låg også Hansalageret!
 

FISKELYKKE
Olaf Øvreberg, Hans Kristian Nilsen, Rasmus Langeset og Thorleif Nilsen med ei kjempestor kveite frå ca. 1957-58. Thorleif Nilsen og sonen Hans Kristian brukte å dra ut i ein lorry (følgjebåt) for å sette garn. Dei fekk kveita i garn som dei sette i sjøen ved Lundastranda. Fotograf er Martin Lilleheim, dåverande redaktør i lokalavisa Fjordingen. På den tida vart Fjordingen trykt av Thorleif Nilsen og trykkeriet var i huset hans ved gamlebrua (tidl. brukt til m.a. fengsel i Friesenlager).
lAKSEFISKE TONNING/RISE
Fire glade laksefiskarar i Perhustunet. Biletet er teke av Jens K. Maurseth, og eg vil tippe at det er frå ca. 1920. På biletet ser ein Rasmus A. Sunde? (f. 1898) og Martin P. Tonning (f. 1907) framme og Kristian P. Tonning (f. 1903) og Mathias M. Nesje (f. 1906) bak. Alle fire strikane budde i sentrum, og foreldra til tre av dei (minus Mathias) hadde fiskerettar i Stryneelva både på Tonning og Rise. På den tida var det ikkje uvanleg med drivgarnsfiske, og laksane vart selde til hotella i kommunen. 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Ragnar Skarstein | Svar 17.04.2017 12.33

Båten tilhøyrde Olav Lødemel i Olden og vart brukt som fraktebåt. Kan ikkje hugse den vart brukt som fiskebåt, men som fraktebåt.

Vegard Solheim | Svar 28.01.2016 22.12

Biletet med undertittel "fjordfiske i Nordfjord " er teke fra Solvik mot Olden . Biletet viser naustet til Jon Solvik.

Inge Jarle Beinnes | Svar 09.02.2013 17.00

Båten på Oldebukta er etter mine opplysningar ikkje fiskebåt men ein av fraktebåtane til Olav Lødemel, etter det som er meg fortalt, hadde den namner "Frøya"

Bjørn Solvik | Svar 08.04.2012 23.56

Det er muleg Strikken forhandla Diamant sykklar og, men min første sykkel var ein Svitun som var kjøpt med Strikken i 1971.

Torbjørn Håvik | Svar 23.02.2012 13.35

Er du sikker på at det står SF39A på den? Fiskets gang kan ha gjort feil, men det er heller ikkje lett å sjå på bildet kva som står på båten. Skal sjekke meir.

Jon Rasmus | Svar 23.02.2012 12.08

Godt jobba Torbjørn. Du har rett i det aller meste, men båten kan ikkje vere Steinvåg. Den er for ny og for stor til å vere den som ligg på oldebukta.

Torbjørn Håvik | Svar 23.02.2012 09.49

Ein liten kommentar til. Registreringsnummeret til båten viser at den er frå Sogn og Fjordane (SF).Så kjem reg. nr 39 og til slutt kommunen Askvoll (A)

Torbjørn Håvik | Svar 23.02.2012 02.34

SF 39A kjem frå Atløy, eigar Astor Olsen. Båten heiter Steinvåg.I Fiskets gang frå 1981 står det at båten fekk løyve til å fiske med ei not på 130 x 26 famner.

Dag Olav | Svar 11.02.2012 15.33

Det var et utruleg bra og interessant bilde.

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

28.04 | 23:45

Hei! Interessant. Vart han seinare heitande Hans Drageset? Har du info om familien?

...
28.04 | 20:28

mine ener er også rasmus dragsæter og elisabeth bergendal jeg er etter deres sønn Hans Muri

...
26.04 | 21:37

Kjempefin !

...
17.03 | 19:56

select * from *

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE