DAMPSKIPSFERDSLA PÅ VATNA VÅRE

Oppstrynsvatnet

Dampbaaden ”Frithjof Nansen” paa Opstryn Vand                                                                                                          Av Jon R. Langeseth Vik

Brevet som Veidirektøren Hans H. Krag sende frå Christiania datert  18. mai 1887 til stortingsmann Arne O. Tonning frå Stryn, var oppstarten på dampskipsfarten på Oppstrynsvatnet. Vegdirektøren hadde samla inn informasjon for å tilrettelegge dampskipstrafikk på Røldalsvatnet. Stortinget løyvde midlar til veganlegget der istadenfor til dampskip, og Krag sende informasjonen over til Arne Tonning for å få han til å arbeide lokalt i Stryn for å få til båttrafikk på Oppstrynsvatnet. I brevet seier vegdirektøren mellom anna:

Men da de indsamlede Materialier muligens kunde være til Nytte for andre, og da jeg altid har ment, at der i sin Tid maatte blive Spørgsmaal om et lidet Dampskibs Anskaffelse paa Opstryns-Vand har jeg troet at burde tilstille Dem de erhvervede Data angaaende Anskaffelse af

1)      en almindelig Dampbaad,

2)      en elektrisk Baad,

med henstillen, om De ikke skulde finde Grund til at virke Videre for Ideens Fremme. Naar sees hen til de Bidrag, der nu af Staten gives til Damskibsdrift paa flere af vore Indsøer, kan jeg ikke andet end tro, at man ogsaa maatte kunne gjøre Regning paa Statsbidrag til en Baad i regelmæssig Route over Opstrynsvand.

 

Tonning sat som direktør i Nordre Bergenhus Amtsdampskibselskab[1] og hadde god greie på korleis ein skulle kome i gong med drifta av eit slikt selskap. Strynefjellsanlegget starta opp tidleg i 1880-åra, og Jøl bru ovanfor Skåre stod ferdig i 1883. I samband med ”Strynsvegen” var det ikkje avsett pengar til bygging av veg mellom Berstad og Hjelle. Båttrafikk var dermed det einaste alternativet.

 Den 20. December 1890 samledes efter Indbydelse af S.K. Aarnes, R. Bødal, A. Tonning og H. Pedersen en Del Interesserede til Forhandling angaaende anskaffelse af et Dampskib paa Opstryn Vand.  Paa Foranledning af nævnte Herrer var fornøden Aktietegning paabegynt.  Efter en Del Diskussion blev Stryns Dampskibsselskab dannet, og nedenstaaende Statuter vedtagne. [2]

 

Forut for dette møtet hadde det vore ein del skriving i norske aviser om dette båtprosjektet.  Spesielt hadde det vekt oppsikt at det vart arbeidd for å sette i drift ”en elektrisk Baad”.

 

Fjordenes Blad, Nordfjordeid, hadde to mindre oppslag om elektrisk båt på Oppstrynsvatnet. Det første slo fast at det skulle kome elektrisk båt på vatnet, det andre sa at dette berre var ei skrøne:

 

Den første elektriske Dampbaad her vestenfjeldsk vil, efter Forlydende i B. Aftbl. til næste Aar antagelig blive sat i gang på Stryns Vand i Nordfjord.  Tegning og Aktier i samme er under Cirkulation i Distriktet og under god Fremgang; Vandfald findes ved den ene Endestation, hvor Ledningen af Accumulatørerne vil finde Sted.  Baaden skal bygges af Jern.[3]

 

 Ikke elektrisk Dampbaad skal der blive paa Strynevandet, men en, som skal dampe afsted med Kul og Ved, som de andre.  Aktiekapitalen skal nu være fuldtegnet, og der underhandles efter Forlydende om Kjøb af Skib.  Dette om Elektrisiteten paa Strynevandet, som har vandret rundt i Landets Aviser, maa saaledes kun være en Skrøne. [4]

 

Tilbodet på båt dreven av elektrisitet var frå firmaet Elektrisk Bureau (Kristiania), som for ein båt på 25 fots lengde og 5 fots breidde driven med elektrisitet inkl. elektrisk motor og accumulator skulle ha 300 £ (tilsvarande kr 5.400,-), og for dynamoen 50 £ (kr 900,-).  Ein elektrisk dampbåt var ingen spøk, det vart faktisk seriøst vurdert, men vart skrinlagt pga. meirkostnadane i forhold til kol- og vedfyrt dampbåt.

 

Den blå iIllustrasjonen (over artikkelen) var med i dei alternative planane vegdirektør Krag oversende Arne Tonning.  At ”interimsgruppa” gjekk ut med el-båt planane var smart, det gav selskapet god reklame, og var truleg medverkande til at ein greidde å fullteikne aksjekapitalen.  Fleire Bergensgrossistar og vegdirektør Krag vart med som aksjonærar[5]

Arne Tonning skriv i: Almanak Mai 1891

 20/5 sendt Simon Aarnes mit Aktiebeløp i Dampbaaden ”F Nansen” med 50 kroner.

Ingeniør Halfdan Pedersen vart valt til den første formannen i Stryns Dampskibsselskab, og i styremøte 4. februar 1891 fekk dampskipet namnet ”Fridtjof Nansen” .  I følge lærar Øvreset i Stryn (foredrag om Arne Tonning i NrK i 1962, lydbandopptak) var det Arne Tonning som bestemte namnet.  ”Jomfruturen” for ”Fridtjof Nansen” var 28. juli 1891.

 I festskriftet til Hjelle Hotell sitt 100 års jubileum, s. 11 står fylgjande:

På Hjelle vart båten teken i mot med dundrande salutt, og det vart servert middag og det vart halde talar. Middagen vart truleg servert i ei eller anna storstove i Hjelletunet for hotellet var endå ikkje bygd.

 

Det var viktig å sikre ein god økonomi for båten.  Ingeniør Pedersen sende 25. mars 1892 eit brev til ”Hr. Storthingsmand og Ridder A. Tonning!” der han i henhold til Tonning sitt brev av 16. ds. oversender "en Fremstilling fra Stryns Dampskibsselskab angaaende Fridtjof Nansens Driftsforhold m.v.", som Tonning vert beden om å bruke på den måte han sjølv måtte finne passande.  Ved å legge saka i Tonning si hand, seier Pedersen at han er viss på at resultatet vil bli godt.  Det vart det, noko takkebrevet viser. Dampskipet på Oppstrynsvatnet fekk statstilskot[6], årleg kr 1500,-. Dette var viktig for å halde båtruta igong. Det er grunn til å tru at vegdirektør Krag også hadde ein finger med i ”spelet”.  Dette var i tråd med det han såg for seg, og svært viktig med tanke på det vegprosjektet som var under arbeid, og som vart opna for ordinær ferdsle den 1. juli 1894.  Strynefjellsvegen og dampbåten var også viktig for den turistsatsinga som skjedde ved Oppstrynsvatnet på slutten av 1800-talet.

 Det vart hotell både på Mindresunde (ombygging av kapteinsgarden ca. 1890), Meland (Victoria Hotel, ca. 1891) og på Hjelle. Dette stod ferdig i 1896. Vegen på sørsida av Oppstrynsvatnet, frå Berstad (”Vegenden” på Meland) til Hjelle stod ferdig først i 1923. 

 

Rekneskapen for dampskipsselskapet pr. 01.07.1922 viser at selskapet hadde ein aksjekapital på kr 6.175,- og oppspart eigenkapital på kr 5.726,91. Inntekta utgjorde kr 14.766,29 derav ca. kr 11.000,- var passasjer- og godsfrakt. Godtgjersle for postfrakt utgjorde kr 2.000,- og statstilskotet kr 1.500,-. Kostnader til drivstoff (ved og kol) og løner utgjorde ca. kr 11.000,-. Overskotet for året var kr 640,39. Pga. ein trykkfeil i ”generalbalance” er ikkje aktiva og passiva i balanse! Etter at veganlegget vart opna i 1923 og statstilskotet fall bort i 1928, var grunnlaget for lønsam drift ikkje lenger tilstades. Stryns Dampskibsselskab hadde drift til  1. juli 1939, og selskapet vart avvikla i 1941. Sluttrekneskapen viste iflg. Fridtun ein udekka manko på kr 300,-. Selskapet hadde tapt heile aksjekapitalen og eigenkapitalen, og båten vart liggande ved bryggja på Hjelle til den sokk. Seinare vart den heva og hoggen opp, metallet omsmelta i Svelgen under krigen (1940-45).[7]

 

Sommarrute for 1893 og Vinterrute 1904 viser korleis drifta vart lagt opp.  Båten var viktig for alle langs vatnet, og var med på å binde denne utkanten saman med resten av ”verda”. Rutetabellane viser klart forskjellen mellom sommar- og vinterdrift. Turisttrafikken var truleg ein medverkande årsak til at dampskipsselskapet kunne ha drift i vinterhalvåret. Det er grunn til at vinterruta vart subsidiert av sommardrifta. Sjå rutene over.

 

 Kjelder:

Nrk 1962, Lokalen frå Vigra, reportasje der lærar Julius Øvreset fortel om lagtingspresident Arne O. Tonning.

Diverse korrespondanse (frå arkivet etter Arne O. Tonning, hos underteikna)

Fjordenes Blad, Nordfjordeid (no Fjordabladet), mikrofilm årg. 1890/91.

Amund Helland, Nordre Bergenhus amt.

Statens Vegvesen, 1994, Strynefjellsvegen 100 år.

Hjelle Hotel sitt 100-års festskrift

Stryn Historielag, Årsskrift 1992, Første artikkelen av Jon Fridtun om ”Dampskibet Fridtjof Nansen paa Opstryn Vand”

Stryn Historielag, Årsskrift 1993, Andre artikkelen av Jon Fridtun om ”Dampskibet Fridtjof Nansen paa Opstryn Vand”

 

Notar:


[1] Nordre Bergenhus Amt; noverande Sogn og Fjordane fylke.

[2] Stryn Historielag 1992, Første artikkelen av Jon Fridtun om ”Dampskibet Fridtjof Nansen paa Opstryn Vand”, s. 33 

[3] Fjordenes Blad, Nordfjordeid 21.10.1890

[4] Fjordenes Blad, Nordfjordeid 06.01.1891

[5] Stryn Historielag 1992, Første artikkelen av Jon Fridtun om ”Dampskibet Fridtjof Nansen paa Opstryn Vand”, s. 35

[6] Helland s. 744: ”Siden 1ste juli 1892 – budgetaaret – har staten her ydet aarligt bidrag af 1500 kr.” 

[7] Stryn Historielag 1993, Andre artikkelen av Jon Fridtun om ”Dampskibet Fridtjof Nansen paa Opstryn Vand”, s. 17-18

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

26.06 | 15:29

Artig .-) Er interessert i gamle bilder av gårder i Stryn. har du noen?

...
28.04 | 23:45

Hei! Interessant. Vart han seinare heitande Hans Drageset? Har du info om familien?

...
28.04 | 20:28

mine ener er også rasmus dragsæter og elisabeth bergendal jeg er etter deres sønn Hans Muri

...
26.04 | 21:37

Kjempefin !

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE