DAMPSKIPSFERDSLA PÅ VATNA VÅRE

Ny side under arbeid

Båtferdsla på vatna våre har alltid fascinert meg, og eg har lyst til å samle det som er tilgjengeleg her. Rasmus Aabrekk og Jon Fridtun har hatt artiklar i heftet til Stryn Historielag om båtane på Oldevatnet og Oppstrynsvatnet. I tillegg har Inge Jarle Beinnes skrive mykje interessant om båtane på Oldevatnet som ligg på Facebook. Eg kjem til å hente litt frå desse og frå mitt eige arkiv. Dette er eit interessant emne, synest no eg. Det heile kom igong som følgje av at turismen fekk ei blømingstid rundt år 1900 og bygginga av "den gamle" Strynefjellsvegen (opna 1895) Dette førte til at veglause grender langs vatna fekk eit godt tilbod, samstundes som turisttrafikken vart effektivisert ved igongsettinga av dampskipstrafikken.

Eg kjem til å legge ut litt stoff etter kvart, og set stor pris på tilbakemeldingar. Ris, ros og ikkje minst viss du har interessante bilete eller historier som har relevans til båttrafikken på vatna våre. Det kan også godt hende at det er naturleg å ta med turistbåttrafikken (cruise) og Fylkesbaatane i same slengen. Det vil tida vise.

Neste onsdag (15. feb.) kjem eg til å legge ut ein filmsnutt med nokre av båtane. Viss eg får det til vil eg prøve å legge inn munnlege kommentarar også.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

I går | 22:51

Er du i slekt med Martha K.Vik (gift med Knut Jakobsen?
Jeg husker dem fra min barndom

...
26.09 | 08:44

Dette hugsar eg godt!!

...
26.06 | 15:29

Artig .-) Er interessert i gamle bilder av gårder i Stryn. har du noen?

...
28.04 | 23:45

Hei! Interessant. Vart han seinare heitande Hans Drageset? Har du info om familien?

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE