LITT AV KVART FRÅ STRYN

Han Elling Olai vart fødde 8. juni 1865 på Knutebruket i Bø. Foreldra var Rasmus Hansson og Anne Larsdotter. Rundt 1890 såg Elling bilete av ein volociped (veltepetter) i ein tysk hestekatalog. Han var nevenyttige og hadde gått på Holmøy Arbeidsskule, og tenkte med seg sjølv at ein slik ein måtte det no gå an å lage sjølv. Han gjekk til smia hans Gamle-Kristen på Tonning (der Fjordingen ligg idag), og med hjelp av smeden greidde han å byggje doningen sjølv.

 

Elling øva seg på flata innanfor Nystova på Knutebruket. Denne hadde rette hellinga, for han måtte først øve seg berre på å halde balansen. Sykkelen gjekk av seg sjølv, heilt til den traff ein liten stein. Syklisten og sykkelen gjekk rundt, og han fekk det vesle hjulet i bakhovudet så det dansa stjerner for auga hans. Skjorta vart sundriven og blodskråme kom til syne både her og der. Skjorta vart brukt til å bandasjere, men full av pågangsmot hoppa han på sykkelen igjen og gav seg ikkje før han hadde temt den. Dette skjedde på vollen der bøungdomen brukte å samlast i helgane. Han brukte sommarnatta og øva seg når ingen andre såg han. Han greidde å bruke trødene og til slutt var han herre over sykkelen.

 

Nokre dagar etter, ein laurdag, skulle det vere politisk møte på Tonning. Det var venta mykje folk, og då tenkte Elling at tida var inne for å vise doningen sin og kunstane sine. Han starta på riksvegen omlag der Raudihuset ligg i dag, og vidare ned Myrane til Svingjen.  Skjebnen ville det slik at smeden som hadde hjelpt han med delane til sykkelen, vart vàr spetakkelet utanfor. Smeden sprang ut som han var. "Topphua daska opp og ned, sokkebanda som var knytt rundt buksa neafor knea, svinsa rundt leggane med livlege kast, nett som han hadde hoppa ut av eit julekort."

 

Elling hadde akkurat funne balansen på sykkelen og trødde nedover, forbi smia. Då sette smeden i å rope: "Nei, de`len vorte de`, va` det detta du ville ha de` te`." Elling syntest dette vart for komisk og snudde seg for å sjå smeden. Han miste konsentrasjonen nokre sekund akkurat idet same som sykkelen møtte ei lita hole i grusvegen. Han reiste seg opp i skam, men måtte vise dei frammøtte at dette berre var eit uhell. No måtte han køyre runde etter runde for å syne folket at han verkeleg kunne dette, og vise at det ikkje var noko kunst å balansere på to hjul når ein først hadde lært det. 

Elling kjøpte i 1901 eigedom i Risestranda (Rise) og bygde heim og skule der. Han starta Bø Snikkarfagskule heime på Knutebruket og flytte denne inn i huset på Rise.

(kjelde: Elling Bø og sykkelen hans. Av Erling Bø. Fjordingen julenr. 1974.)

| Svar

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.