Dagens glimt frå Stryn

Ei helsing på 95-årsdagen til ein av gründerane som har vore viktige for Stryn som industrikommune. Sverre Bringsvor står framme til venstre saman med dei to andre medeigarane i Tonning Møbelfabrikk, Aamund Breidablikk og Ingvald Bringsvor. Bedrifta starta opp i tyskerbarakka som låg nærast Betania, og familiane Bringsvor budde i barakka nedanfor (sjå dagens bilde 1. mars). Lokala til Tonning Møbelfabrikk brann ned 7. november 1950 og 20 mann vart arbeidsledige. Skadane kom totalt opp i kr 200.000,- og ikkje alt vart dekka av forsikringa. Karane var ikkje arbeidsledige så lenge. Bedrifta fekk ny tomt våren 1951 og starta reisinga av fabrikkbygningen som framleis ligg på Øyra. Dei fleste arbeidarane jobba som bygningsfolk det 3/4 året det tok å reise nyefabrikken. Den vart bygt i to høgder med totalareal på 500 kvm. Den stod ferdig like før jul 1951. Kjenner du arbeidarane som står bak? Eg meiner å kjenne igjen Ivar Gjørven, Rasmus Garlid, Ivar Fure og kanskje John Aarheim.

Jon 14.03.2013 09:24

Nr 2 frå venstre, mellom Lars Isehaug og Jakob Fure, er Sverre Valaker.

ADG 11.03.2013 21:35

Frå venstre:Lars Isehaug,?,Jakob Fure,Malvin Skaar,Sverre Bringsvor,Arne Bringsvor?,Amund Breidablikk,Nils Skåra?,Ivar Gjørven,Ingvald Bringsvor,?.Eller??

| Svar

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.