Dagens glimt frå Stryn

Karl J. Bø med hesteslåmaskina si ca. 1955. Karl var fødd i 1908, og var rundt femti år då biletet vart teke. Hest og mann er omtrent midt inne i det som i dag er Sentrumsgården. Eg hugsar mjølkerampen som stod der gardsvegen frå dei øvste gardane i Ytre Bø kom ned på riksvegen. (Har nokon bilete av den?) Det kvite huset midt i biletet var Fredheim. Fredheim var bedehuset til pinserørsla, trur eg, og vart brukt også av Losjen (IOGT). Sjå dagens bilete tysdag f.k. Då skal eg finne meir opplysningar om huset også. Eg trur det skifte namn etter ei oppussing på femtitalet. Odd R. Bøe plukka det ned på slutten av 60-talet (kanskje 1968?) og sette opp hytte på Bøasætra av materialane. Hytta heiter naturleg nok Fredheim. Sonen Are eig den i dag. Foto Tonning har teke biletet.

| Svar

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.