Dagens glimt frå Stryn

Anfinnbu
Erling Gjørven overtok eigedomen i Bombeneset og ville heidre den tidlegare eigaren, Anfinn Bolstad, då den gamle utelada vart opna idag 20.06.2012 etter restaurering. Leif Arne Turøy og lærling Magnhild Guro Gjørven har gjort ein god jobb og har sørga for at utelada står i minst 100 år til. Det er utført omfattande arbeid for å sikre denne gamle bygningen, men det gamle tømmeret er intakt under kledninga. Sperrene er skifta ut og utvendig er lada tjærebreidd. Skiltet er teikna av Reidar Gjørven og Rolf Fure har svidd det. På biletet ser ein frå venstre: Alf Erik Gjørven, Leif Arne Turøy, Erling Gjørven og Magnhild Guro Gjørven. Ein håper at Anfinnbu vert til glede for mange generasjonar ungar og vaksne ved Oppstryn skule og barnehage. Bombeneset er ein stad der Bolstadfolket i eldre tider åt maten sin då dei var ute og jobba på garden (matbombe/matbomme). Sjå meir om Bombeneset under.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.03 | 18:35

Her manglar nokre elevar frå Solheim skule. Randi Ytreeide, Liv Muladal, Liv Anne Kirkeeide og Karin Sandbakk.Vi vat saman med Per Kleppe, John Sandvik, Egil Lu

...
25.02 | 14:40

Knut Mork står lengst bak.Dei to karane som sit isamtale erOlav Brekke og Knut Jakobsen .Bestefarane mine står bak lensmannen.Nils Nesje og Gudleik Dårflot.

...
06.02 | 15:34

Min far er født 13.12 1919, Hans bror Egil var et par år eldre, så bildet er vel fra begynnelsen av 1920-tallet. Min far fyller altså 100 år i år, og er i leven

...
23.01 | 17:09

Dette må vere Yri og Oldevatn

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE