Dagens glimt frå Stryn

Bautaen i Bø-Indre

Kva skjuler seg i jorda i Bø? Kven er det som ligg gravlagt her? Kvifor vart bautaen reist? Kva vart plassen brukt til?  Det er all grunn til å tru at garden Bø i eldre tider var ein storgard og at høvdingen som budde her hadde stor makt. Funna som er gjort her i nyare tid er klare spor på dette. Bautaen og området rundt (diameter på 8 meter) er freda, og kan ikkje gravast ut. Men randsona rundt kan truleg gje mange svar likevel.

 

Jakob Aaland skriv i bygdesoga for Stryn og Innvik, bind 1 s. 508: At gardane er av dei eldste er rimeleg, for betre lægje har knapt nokon gard i Strynedalen, i eit gronæmt lende og godt imot sola, med skog, godt fjellbeite og framifrå høve til laksefiske. Her er gjort mange og rike gravfunn frå forntida.

 Sjå også side 41 i Aalandsboka.

 

Neste gong du passerar bautaen så må du stoppe opp og gå ned til denne. Sjå for deg at du er til stades på tinget for 1500 år sidan. Kanskje ligg det ein heil okse i kokegropa og du er vitne til ulike seremoniar. Kanskje eit giftarmål eller manndomsprøver? Det ligg fortøyd større og mindre skip fleire stadar langs nedre del av Stryneelva. Du må hugse på at vasstanden var minst 2 meter høgare enn i dag. Det er eit yrande folkeliv og ulike varer skifter eigarar. La fantasien jobbe.

 

Eit hjartesukk! Ein kan ikkje pålegge grunneigar og indirekte tomtekjøparar i det planlagde nye bustadfeltet i Bø-Ytre å ta alle kostnadane med dei utgravingane som lyt skje. Utgravingar som sannsynlegvis vil avdekke store langhus og kanskje også andre graver langt attende i tid. Det er også truleg at ein vil finne fleire spor attende til steinalderen på garden Bø. Dette bør vere ei sak som kommune, fylke, stat og grunneigarar bør gå saman om i eit spleiselag. Eg vil oppfordre dei folkevalde i Stryn til å setje saka på dagsorden snarast mogleg. Det er viktig at ein spelar på lag med Universitet i Bergen og at dei funna som alt er gjort vert formidla til publikum snarast mogleg. Eg har tidlegare omtalt funna på Fure i Veslebygda. Der tok det nesten 20 år før innhaldet i funna vart formidla. Eg vil ynskje Søren Diinhoff og folka hans lykke til med utgravingane.

 

 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

28.04 | 23:45

Hei! Interessant. Vart han seinare heitande Hans Drageset? Har du info om familien?

...
28.04 | 20:28

mine ener er også rasmus dragsæter og elisabeth bergendal jeg er etter deres sønn Hans Muri

...
26.04 | 21:37

Kjempefin !

...
17.03 | 19:56

select * from *

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE