Dagens glimt frå Stryn

Svingjen ca 1910
Gamle-Mattis Næsje i flott positur omtrent midt i biletet. Dei to til venstre er ukjende. Husa i Svingjen tilhøyrer "Skræddermester" Jakob Myklebust, "Landhandler og huemakerske" Anne Aarheim og lengst til høgre ser ein Tonning skule (første skulehuset, bomba 24.04.1940). Gardsbruka i bakgrunnen er Ytre og Indre Bø. Folketeljinga i 1910 viser fylgjande om Mathias og familien: Mathias Næsje f. 27.04.1865 Landhandler, Malene Næsje f. 12.01.1876 Landhandlerhustru, Brita Næsje f. 06.07.1904 Datter, Mathias Næsje f. 16.06.1906 Søn, Sverre Næsje f. 19.01.1909 Søn, Halfrid Lunde f. 10.04.1894 Tjenestepike. Familien budde i "Perhusene" og dreiv butikk i huset som O.L. Brekke held til i. To-tre år seinare bygde Malene Næsje nytt forretningsbygg på tomta vis à vis Myklebust/Aarheim. Personane står rett utanfor Smeby, som var eigd av svogeren til Mathias. På skiltet mellom Mathias og Aarheimhuset står "Til Faleide".

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

28.04 | 23:45

Hei! Interessant. Vart han seinare heitande Hans Drageset? Har du info om familien?

...
28.04 | 20:28

mine ener er også rasmus dragsæter og elisabeth bergendal jeg er etter deres sønn Hans Muri

...
26.04 | 21:37

Kjempefin !

...
17.03 | 19:56

select * from *

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE