Dagens glimt frå Stryn

Bruene i Stryn sentrum
Dette biletet er eit postkort frå ca. 1979. Nyevegen over moloen er under arbeid og Bruvollhuset (tidl. Hotel Stryn anno 1894) står framleis. Det brann ned til grunnen 20. september 1979 og eigaren, Audun Bruvoll, brann inne. Vertshuset Fagre Stryn og Fjordkroa nede til høgre i biletet og Nordfjord Meieri på andre sida av Visnes bru. Sommaren 1980 var eg flittig kunde i meieriutsalet. Det var heitt og godt den sommaren, og kald yoghurt og is smakte godt. Tante Idun Tenden jobba på kontoret og to søstre Lunde (Anne Rita og Reidun Anita) jobba i utsalet. Idun forstod nokså snart kvifor den blå Mercedes-lastebilen til Stryn Cementsteinfabrikk med underteikna og hunden Jahro stoppa utanfor minst to gongar om dagen. Men det var eigentleg bruene eg skulle ha med litt om. Gamlebrua (Tonning bru) stod ferdig i 1860 og nyebrua (Visnes bru) 103 år seinare. Vi som leve i dag kan ikkje forstå korleis dei i tida før 1860 greidde seg utan bru. Det gjorde dei forresten ikkje heller! Det var frykteleg tungvint og farefullt å krysse elva før brua kom. Eg vil anbefale dokke å lese "Vegar for vegar var" av Ragnar Standal. Den gamle ungdomsskulelæraren min (og andre sin!) har samla mykje interessant stoff om gamle stiar og vegar i Nordfjord.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

06.02 | 15:34

Min far er født 13.12 1919, Hans bror Egil var et par år eldre, så bildet er vel fra begynnelsen av 1920-tallet. Min far fyller altså 100 år i år, og er i leven

...
23.01 | 17:09

Dette må vere Yri og Oldevatn

...
16.01 | 23:48

Den fyrste sykkelen min var ein DBS, kjøpt hos Strikken i 1959 for kr 135. (John Nesje fekk sykkel på same tid. Vi sykla til turnstemne på Byrkjelo, minnest eg)

...
20.11 | 22:51

Er du i slekt med Martha K.Vik (gift med Knut Jakobsen?
Jeg husker dem fra min barndom

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE