Dagens glimt frå Stryn

Med tavle og krit...
Dei som gjekk på skule på 1960- og 70-talet har stor sjanse for å kjenne igjen mange her. Send kommentarar! Frå Torbjørn Håvik kom dette: Frå venstre: Knut Jacobsen, Herman Muladal, Peder Kyrkjeeide, Magne Dragesæt, ukjend, Laura Vinsrygg, skjult, Johan Lunde, ukjend, ukjend, Erling Bø, Oddlaug Tonning, Steinar Hauge, Annveig Os Berge, Ragnfrid Kyrkjeeide. Den siste på høgresida trur eg er Paal Vedeld, som var rektor ei kort tid. Godt jobba Torbjørn. Då manglar vi dama til venstre for Magne og dei to mellom Johan og Erling. Karin Gald Semb fortel at dama til høgre for Johan er handarbeidslærarinna deira, Signe Hareide. Ho stadfestar også at det er Vedeld som sit framme til høgre.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Arne P. Sunde | Svar 13.04.2016 00.16

Dama til høgre for Magne Dragesæt er mi "gamle" lærarinne i tysk og historie,
fru Vedeld. Hugsar ikkje lenger kva førenamnet hennar var.

Arnt D Gald | Svar 01.02.2013 01.01

"Ukjend" v sida av Magne Drageset, er den strenge engelsklærarinda fru Paal Vedeld, bombesikkert!

Karin Gald Semb | Svar 25.04.2012 23.25

Til høgre for Johan Lunde sit Signe Hareid(e), handarbeidslærarinna vår. Definitivt Vedeld og ikkje Brekke.

Liv Tunsberg | Svar 25.04.2012 22.31

Ja , nr 4 frå venstre er nok ei ung utgåve av Magne Dragesæt , ( Innvikar tilliks som meg )

Torild Gundersen | Svar 25.04.2012 21.44

Magne Drageset nr 4 frå venstre?

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

05.02 | 14:33

Hei Jon Rasmus
Eg skulle gjerne sett att dei to (?) bilda frå Øvreeide som du nyleg la ut. Mange i mi slekt var der. Helsing Bjørg Ladehaug

...
11.12 | 22:05

Trur vi snakkar om motorbåten "Kvalen" den gjekk i mjølkerute mellom Hennebygda og Stryn og fungerte samstundes som lokalrute for bygdene langs fjorden.

...
21.11 | 00:05

Hei. Er på leit etter historia til en dekksbåt, kutter ved navnet" Svein "Den skal etter sigende blitt solgt til Stryn og brukt som mjølkebåt av meieriet.

...
30.09 | 23:41

eg er ganske sikker på dette er en bil frå statens vegvesen.dei var registreste på hermansverk......

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE