Dagens glimt frå Stryn

Shangri-La

I dag vart tidlegare redaktør i Fjordingen, Martin Lilleheim, gravlagt. Han vart nesten 85 år gammal, men fekk oppleve ei rivande utvikling i det Stryn han var so glad i, og som han sjølv var med å utvikle med skrivemaskina si. Martin og kona Malene var svært nære vener av foreldra mine, noko som og smitta over på oss ungane. Mor mi, Helga Margrethe, og Malene fekk sine førstefødde 5. og 7. juni 1959 på fødestova i Bø (Storevik sitt hus), noko som førte dei endå nærare kvarandre. Vi sette umåteleg stor pris på M&M og gutane deira (vi gjer det framleis).

 

Vi var også så heldige at vi hadde hytte vegg i vegg på Bøasætra. Alle feriane våre gjekk "nordover". Minna derifrå er mange og gode. Hytta vår heitte Langeset-hytta og deira Shangri-La. Det eksotiske namnet lyste mot oss frå den raude, kvite og blå vimpelen som alltid vaia frå hytteflaggstonga deira. Shangri-La var paradiset i filmen (og boka) "Lost Horizon" og paradiset til Martin og Malene. Råsa mellom hyttene vart flittig brukt. Vi hadde ein regel vi ikkje kunne bryte, gardinene på Shangri-La måtte dragast frå før vi kunne gå inn søndagsmorgonane. For oss som stod opp kl 7 var det lenge å vente til kl 11. Men gleda vart desto større når vi endeleg møttest, og som regel vart det ein fjelltur for oss seks strikane. Martin, Asbjørn (Bass), Mathias, Brynjar, Arild og eg.

 

Han Martin og han Bass hadde begge fantastisk humor og kjappe replikkar, kvar på sin måte. Humoren var alltid godhjarta, og gjekk sjeldan utover andre enn dei sjølve. Historiene var mange, og vi ungane storkosa oss når vi kunne sitje i parafinlyset eller heime i stova og høyre på.

 

Martin vil alltid bli minnast av Rørstadungane.

 

Bilete: Malene og Martin på Stryn Stadion jonsokafta på 1960-talet.

 

 

 

 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

25.10 | 10:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

...
05.10 | 16:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

...
23.06 | 18:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

...
08.02 | 11:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE