Dagens glimt frå Stryn

Restaurantdrifta i Kjenndalen

Eg veit ikkje sikkert når ”restaurantdrifta” i Kjenndalen starta opp, men tek neppe mykje feil om eg seier 1886. For dette året fekk Jakob Abrahamsen Nesdal  rett til å servere øl til turistar av formannskapet i Stryn. Den vesle stova lengst til høgre i biletet vart oppført på denne tida av Jakob.

Folketeljinga i år 1900 fortel at han var fødd i 1851 og budde på Abrahambruket,  nr. 3 på Nesdal ytre. Han var Føderaadsmand; arbeider paa gaarden. Fører over Jostedalsbræn og paa fjeldtoppene”. Her budde han saman med kona si, dottera Kari (”Hotelbestyrerinde, husgjerning”) og sonen Abraham og familien hans. Mest truleg hadde den då 27 år gamle Kari ansvaret for serveringsstova og kanskje også nokre få ”hotellsenger” i dette vesle huset på Kjenndalssanden. Den andre dottera, Martha (f. 1878), var skreddarlærling hos skreddarmeister Mari Hatledal som budde under bruk nr. 2 på Svarstad (Lindkvien, seinare kalla Marikvia).Då ulykka råka Lodalen i 1905 hadde Kari utvandra til Minot i Nord-Dakota (i 1903) og Martha var borte i teneste (Davik?). Ingen av dei som då budde på Abrahambruket overlevde 1905-ulykka. Fire vaksne og 4 guteborn i alderen 3-10 år gjekk bort. Berre kona til Abraham, Anne Larsdotter, vart funne og gravlagt. Dei andre fekk grava si i vatnet.

 

Markus A. Loen (Alexandra) fekk leige seg tomt ved sidan av Jakob, og flytte i 1899 opp ei stove frå heimegarden til serveringsstove. Markus sine hus er dei raude stovene. 1905-ulykka gjorde liten skade på desse husa på Kjenndalssanden. Dei vart berre løfta opp og rista litt av båra, men vart ståande mest uskadde. Alexandra bygde på restauranten sin fleire gonger og etter den siste utvidinga i 1928 kunne dei dekke til 200 gjester samtidig. Det var hardt arbeid å lage mat til og servere så mange gjester. Oppvaskvatnet kokte dei i ei jarngryte i skogen bak restauranten og bar i trebøtter  til ”anretningen”. Idyllen varte til 1936.Skadetaksten datert 5. november 1936 seier: ”Ved de bølger som opstod og skyllet over store deler av Bødal og Nesdal med Kjendalen paagrunn av raset fra Ravnefjell den 13/9-36 blev Kjendalens Reistaurant skyllet ca. 350 m. inn over land og brudt helt i stykker og laa i en ruinhaug sammen med nogen vognskur og en anden ældre bygning tilhørende en anden eier.” Skaden vart taksert til kr 15.000.  

 

Alexandra og Lodalens Dampbåtlag hadde framleis tru på at turistane ville kome til Lodalen. Dei måtte finne nye løysingar. For styresmaktene la etter 1936-ulykka ned forbod mot å drive turisttrafikk på Lovatnet, og dessutan var sundet mellom Nesodden og Ramnefjellet fylt opp av steinmassar. Til alt hell var Lodalsvegen i 1936 bygt ferdig til Helset, og i 1937 var vegen ferdig til Bødal. Dampbåtlaget gjekk derfor til innkjøp av 7 bussar og to drosjer til sommarsesongen 1937. I 1938 vart vegen ført fram til Kjenndalssanden og kjerrevegen til breen vart utbetra til bilveg. Det vart slutt med hesteskyss og alle turistane vart ført i buss og bil. Alexandra bygde i 1938 ny restaurant inne i Kjenndalen.

 

Så kom krigen i 1940 og fem år med stillstand. Turistferdsla til Lodalen vart ikkje den same etter krigen. Bussane vart selde og restauranten hadde siste arrangementet i 1957.

 

Etter nesten 30 år med utan særleg drift i Kjenndalen og 50 år utan båt på Lovatnet, tok Alexandra, no med Eivind Grov i spissen, initiativ til å starte opp båtrute på vatnet. Sundet vart mudra og bryggje vart bygt i Kjenndalen og på Vassenden (Vorneset). Den 1. juni 1985 starta den nye båtruta opp og dørene til den gamle restauranten vart opna. Den nye båten kom frå Gjende og hadde same namnet. Som skikk og bruk tilseier fekk båten nytt lokalt namn av ”gudmor” Jenny Loen, og etter dåpsseremonien 31. mai gjennomførte  ”Kjenndal” sin første offisielle tur til Kjenndalen. Båten går framleis sommarsesongen på Lovatnet, men restauranten inne i Kjenndalen vart teken av snøras våren 1988. Ny restaurant vart bygt ved bryggja på Kjenndalssanden, ikkje langt frå den opprinnelege staden og vart teken i bruk 1990.

Kjenndalssanden og restauranten der inne gjev den besøkande ei veldig spesiell stemning. Ein føler seg utruleg liten i noko av det likaste og mektigaste av Guds skaparverk, men samtidig nesten i eitt med naturen. Berre eit blikk bort på Ramnefjellet, og ein vert minna om kva krefter som vert sette i sving når naturen rører på seg.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

26.06 | 15:29

Artig .-) Er interessert i gamle bilder av gårder i Stryn. har du noen?

...
28.04 | 23:45

Hei! Interessant. Vart han seinare heitande Hans Drageset? Har du info om familien?

...
28.04 | 20:28

mine ener er også rasmus dragsæter og elisabeth bergendal jeg er etter deres sønn Hans Muri

...
26.04 | 21:37

Kjempefin !

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE