Dagens glimt frå Stryn

Først ferje, så veg og no (forhåpentleg): BRU!!
Den første bilferjeruta i Sogn og Fjordane Fredag 24. juni 1932 starta ei privat bilferjerute mellom Innvik og Faleide. Året etter tok Fylkesbaatane over. Ferja vart nedlagt då vegen Olden-Innvik opna i 1936. Dette kortvarige bilferjesambandet i indre Nordfjord var det første i fylket og den første bilferjeruta til Fylkesbaatane (1933). 141 bilar første året Den 2. juli 1932 melder Fjordabladet at ferja Innvik-Faleide var i full sving og at det sidan starten, 24. juni, var frakta bilar over fjorden kvar dag. I byrjinga av august var talet kome opp i over 70 bilar, og i september oppsummerte ferjedrifta med i alt 141 bilar og 20 motorsyklar. Dagsrekorden var 16 bilar, søndag 4. september. Stryn ungdomslag hadde vore på tur til Førde. I påvente av vegen Olden-Innvik Bilferja Innvik-Faleide vart oppretta i påvente av veg mellom Olden og Innvik. I 1932 var arbeidet i full gang, og vegen var komen langt utover mot Årholen, om lag 10 km frå Innvik. På Utvikfjellet heldt dei óg på med omlegging og utbetringsarbeid, men det let seg gjera å koma fram med bil. Me kjenner til at ein bil kom seg over fjellet frå Utvik alt i 1923, rett nok med hjelp i det brattaste partiet opp mot Brekka. Bilen kom frå Austlandet og vart truleg frakta over fjorden til Innvik med rutebåt. Fylkesbaatane tok over i 1933 Etter første sommarsesongen heldt ferjetrafikken i indre Nordfjord fram i somrane 1933 - 1936. Det fyrste året vart ferja driven privat. I 1933 tok Fylkesbaatane over. Ruta vart då utvida med ferjestogg i Årholen der det vart sett opp ein "ny bilkai". Henta frå: http://www.sffarkiv.no/samsok3/Artikkel/69552/DenForsteBilferjerutaISognOgFjordaneStrynHermundKleppa?ungdomslag::20:7:ResultSimple:Alle Skrive av Hermund Kleppa.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Ståle Meland | Svar 15.09.2013 20.22

Det er nokon som er før si tid.

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

I går | 22:51

Er du i slekt med Martha K.Vik (gift med Knut Jakobsen?
Jeg husker dem fra min barndom

...
26.09 | 08:44

Dette hugsar eg godt!!

...
26.06 | 15:29

Artig .-) Er interessert i gamle bilder av gårder i Stryn. har du noen?

...
28.04 | 23:45

Hei! Interessant. Vart han seinare heitande Hans Drageset? Har du info om familien?

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE