Dagens glimt frå Stryn

G & J Hagen 75 år

Henta frå boka:

Hagen 75 år 1934 -2009 av Kjetil Tandstad.

Illustrasjon: annonse i Fjordingen 3. april 1935.

”No har du vel bygd så mange trapper at dei rekk heilt opp i himmelen!

- Eg veit ikkje det. Det har blitt ganske mange kjellartrapper også dei siste åra.”

 

Denne skal nok snart ut igjen, spøkte grannen Einar Sølvberg då han var med og bar den nye og blytunge snikkarmaskina til Hagen-brørne inn i kjellaren i ”Haja”.

 

1934 var endå eit grått førkrigsår. Gjennom ei årrekkje hadde det vore mangel både på pengar og utvikling. I jordbruksbygda Stryn var det knapt om arbeid for alle som ikkje kunne overta ein gard frå foreldra sine. Mange tiltakssame ungdommar hadde vinka bygda farvel og teke seg arbeid i Amerika. Men også der var det depresjon og arbeidsløyse. Ungdommen var nesten desperat etter å få seg noko å gjere.

 

Snikkardraum. Den gammaldagse bygdesnikkaren var det framleis bruk for, men yrket var ikkje så mykje å leve av, for det var få oppdrag og mange om beinet. Sønene til Elias Hagen hadde skaffa seg røynsle som bygningsmenn og hadde lang praksis frå snikkarverkstad. No gjekk dei og emna på noko for seg sjølve. Det første dei skulle gjere var å kjøpe seg ei moderne snikkarmaskin. Det var fantastisk kor mange ulike oppgåver ei slik maskin kunne utføre, om ein hadde det rette ekstrautstyret. Det hadde alt kome nokre slike vedunder til distriktet og dei visste kor tidssparande dei var.

 Eldstemann John var 38 og hadde lang røynsle både som snikkar og bygningsmann. Gustav Hagen var 27 og hadde skaffa seg grundig fagkunnskap frå snikkarfagskulen på Holmøy Arbeidsskule. Begge brørne hadde røynsle frå arbeid ved A. Sølvbergs Snikkarverkstad, som var næraste naboen. Det var ikkje så rart at Sølvbergjen sleppte frå seg ein skeptisk replikk under dugnaden med snikkarmaskina. Han visste han stod i ferd med å misse to dyktige medarbeidarar og at dei kom til å bli konkurrentane hans. Men han var også ein god bygdemann og nabo og stilte naturlegvis opp på dugnad når brørne i Hagen skulle prøve seg for seg sjølv.

 

Fotballtur. Året før hadde ein flokk unge menn frå Stryn hyrt ein heil buss og tre åttesetars turistbilar for å reise til Oslo for å sjå landskampen mellom Noreg og Sverige. Turen var eit storhende det vart snakka mykje om i bygda. Ein hovudstadtur var ikkje noko en la ut på kvart år, i alle fall ikkje berre for å vere tilskodar på eit idrettsstemne. Men Gustav var ungkar og spelemann og var dessutan sjukemeld på grunn av ein skade i handa. Han hadde slikt å gjere.

 Det var ikkje først og fremst fotballen som lokka, sjølv om han nok var med og gjorde seg gjeldande på tribunen saman med resten av gjengen frå Stryn. Til lite nytte, forresten, for Noreg tapte kampen. Medan kameratane opplevde byen og såg på hovudstadsdamene, såg Gustav på snikkarutstyr. Valet fall på ei kombinert snikkarmaskin US 600 hos firmaet Falkenberg – eit firma som bedrifta skulle bevare eit godt kundeforhold til frå starten og heilt inn i dataalderen.

Seinare på hausten kom ein agent frå firmaet til Stryn for å ordne kontrakten. Prisen var kr. 1.957,15, medrekna ekstrautstyr som fyllingsfres, slesseskive, spindel med overgangshovud, tappeapparat, firkanthovud, dørspennar, sprossestål og sagblad. På kjøpet fekk dei tre gode langhalsbor. Prisen tilsvara to tredjedelar av det snikkarane måtte ha for å setje opp eit vanleg våningshus på denne tida.

 

Interessant historie om ei av våre hjørnesteinsbedrifter. Boka får du i bokhandlane i Stryn. Underteikna har bidrege med bilete og annonsar.

 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

I går | 22:51

Er du i slekt med Martha K.Vik (gift med Knut Jakobsen?
Jeg husker dem fra min barndom

...
26.09 | 08:44

Dette hugsar eg godt!!

...
26.06 | 15:29

Artig .-) Er interessert i gamle bilder av gårder i Stryn. har du noen?

...
28.04 | 23:45

Hei! Interessant. Vart han seinare heitande Hans Drageset? Har du info om familien?

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE