Dagens glimt frå Stryn

Soldatar på utmarsj passerar kvernhuset vis a vis Lysvoll og Ekrebruket (Gjørven) over. Nokre av Ekrestrikane står i buskene og føl med på soldatane som plystrar og syng i marsjtakt. Foto frå ca. 1910.
Eg arbeider med ein liten fotodokumentasjon i samband med markeringa av 1814. Denne kjem ein gong på vårparten!
Viss eg ikkje tek heilt feil, er dette teke på Maurset. Er det nokon som kan seie noko om kva bruk vi ser på bildet. Husa til venstre er dei i Hornindal og dei andre i Stryn? Fotograf er Jens K. Maurseth.
Fjordfiske var viktig attåtnæring for husmennene i Olden, og når dei ikkje fiska, sat dei ved "bandkrakkjen" og laga "tynnjeband".
A/S Nordfjord & Søndmøre Automobilselskap sin første bil innkjøpt sommaren 1914. Den var fransk - La Buire - med reg. nr. S-106. Dama ståande lengst bak er Samel-Annje (Anne Samuelsdotter Ytreeide) som dreiv Walhalle Gjestgiveri i ein mannsalder. Bildet er fargelagt. Det er eit stort paradoks når vi til sommaren skal feire 100 år med bil i Stryn, fordi billaget då har misst konsesjonen på køyringa i nærområdet vårt. Ein 100-års æra er forbi.

Nyeste kommentarer

26.06 | 15:29

Artig .-) Er interessert i gamle bilder av gårder i Stryn. har du noen?

...
28.04 | 23:45

Hei! Interessant. Vart han seinare heitande Hans Drageset? Har du info om familien?

...
28.04 | 20:28

mine ener er også rasmus dragsæter og elisabeth bergendal jeg er etter deres sønn Hans Muri

...
26.04 | 21:37

Kjempefin !

...
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE