STRYN UNDER 2. VERDSKRIG - BILETE MV

Nye bilete frå Stryn under WW2

Nye foto kjøpt frå Tyskland i dag. På bileta ser ein Hansalager (Bøleiren).

Nye bilete II

Bøleiren og soldatar ved Kjenndalsbreen.

Sommaren 1942

Jorunn Ytreeide g. Engeset og Ruth Bodil Langeset g. Loen framfor nedre del av Niedersachsen-lager. Jentene er født i 1935 og 1938, og biletet er iflg. Jorunn teke sommaren 1942. På denne tida vart Hansalager i Bø innvia, og talet på tyske soldatar i Stryn var rundt 12-1500. Seinare vart soldatane færre, men etter at krigen var slutt i mai 1945 steig talet kraftig. Fjordabladet fortel sommaren 1945 at om lag 3000 (på det meste) tyske soldatar frå fort og leirar i heile Nordfjord vart internert i leirane i Stryn, og den siste gruppa reiste frå Visnes med båt oktober 1945. Biletet er delvis kolorert i Photoshop.

Wehrmacht på gjennomreise i Stryn

Den tyske troppa, som kom til Geiranger og Hellesylt siste halvdel av mai 1940 under leiing av major Wilks, stoppar i Stryn sentrum på veg over Strynefjellet den 25. juni 1940.

Vakta på Visnes

Major Hesch budde på Visnes Hotell det meste av tida han var i Stryn under 2. verdskrig. Her ser vi skilderhuset og den tyske vakta med gevær.

Vakta på Visnes II

Det var også væpna vakt på Dampskipskaia på Visnes. Øverst i biletet er ei brakke/lager i samband med stillingane på Visnes.

Vakta på Visnes III

Her er tysk væpna vaktpost utanfor Husmorskulen. Eg vil ikkje tru at det vart starta opp kurs i Stryn første krigsåret. Det er ikkje usannsynleg at Wehrmacht også rekvirerte Husmorskulen til soldatane sine. Dette kan ein eventuelt finne ut meir om.

"Feierabend in Friesenlager 1942"

Mest truleg er dette biletet også teke i samband med opninga av "Hansalager" (ved ungdomsskulen) sommaren 1942. Soldatane sit og dinglar med beina ved den då nyleg oppførte muren langs elva.

"Friesenlager" 1942

Flaggheis i leiren.

Kommuneplassen 1942

Inspeksjon på kommunplassen i samband med offisiell opning av Hansalager. Huset til høgre er garasje for bilane til Wehrmacht i Stryn.

Kommuneplassen 1942

Tyske soldatar (offiser i midten) til hest. Under inspeksjonen.

Friesenlager mars/april 1941

På biletet ser ein utgravinga av bunkersane ved Stryneelva. Våren 1941 vart muren nedanfor Stryn Energi sett opp. Som liten gut var eg inni ein av desse. Er det nokon som hugsar korleis det såg ut inni? Sjå bilete lenger nede (sommarbilete) som viser same motivet.

Grotli 1940

Unikt bilde som viser eit tysk kompani som kjem til Grotli Hotell våren/sommaren 1940. Soldatane reiste vidare til Stryn der dei starta arbeidet med å planlegge og byggje leirane. Dette er truleg kompani Kappei.

Teltleir ved Tonning Bensintank (Esso)

Biletet viser nokre av dei første tyske soldatane som kom til Stryn mai/juni 1940. Teltleiren stod på flata der Heradsheim vart oppført aug 1940/41. Karane i dei lyse uniformane er "arbeidarar" og hadde ansvaret for oppføringa av dei tre leirane som vart bygde i Stryn sentrum. Første barakka som vart bygt, var den som stod vis à vis Fjærestad, ved Tonning bru. Husa ein kan sjå i biletet er: Nesje sitt forretningsbygg, Nesjebuda og Hotell Tonning.

Stryn under 2. verdskrig DVD

Del 1 og 2 av Stryn under 2. verdskrig er tilsals for kr 350,- for begge to. Dette er eit godt tilbod, og du kan stikke innom Stryn Bokhandel eller sende epost til: rasmusistryn@hotmail.com for å bestille.

To filmar om Stryn under 2. verdskrig for berre kr 350,-. 



snutt del 1 på youtube: http://www.youtube.com/watch?v=uuKDmLbmPm8

Tysk album kjøpt hausten 2011

Internettkopi av ei side i albumet. Mange interessante bilder frå hausten 1940 i Stryn. Her er også eksempel på flirting mellom tyske soldatar og jenter frå Stryn på Bøasætra. Interessant!!!

Friesenlager og Niedersachsenlager

Stryn sentrum frå Aarheim sommaren 1941. Her kan ein sjå begge leirane som låg på Tonning. Wehrmacht la som oftast kvartera sine innanfor tettbygd strøk, dette for å hindre allierte fly å bombe. Viss du ser i rett linje frå fengselet ved brua mot lada til Jens Tonning kan du sjå eit av dei 4 vakttårna som var sett opp rundt desse to leirane.

Tyske album og bilete

Siste året har eg kjøpt mange nye og unike bilete frå Tyskland. Nokre av desse kjem eg til å legge ut på denne sida. Tyske soldatar på utflukt i Loen (Sande) med buss frå Nordfjord & Sunnmøre Billag.

Stryn under 2. verdskrig

PAGE UNDER CONSTRUCTION - SIDA ER UNDER ARBEID.

HAR DU TIPS SEND EPOST TIL :
rasmusistryn@hotmail.com





Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Hans Sætrevik | Svar 25.08.2012 11.59

Flott side. Jeg var mye på Sunnmøre under krigen, vi ferierte nær Åram der tyskerne hadde en ganske stor forlegning. Dessverre har jeg ingen bilder fra
den tid.

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

I går | 22:51

Er du i slekt med Martha K.Vik (gift med Knut Jakobsen?
Jeg husker dem fra min barndom

...
26.09 | 08:44

Dette hugsar eg godt!!

...
26.06 | 15:29

Artig .-) Er interessert i gamle bilder av gårder i Stryn. har du noen?

...
28.04 | 23:45

Hei! Interessant. Vart han seinare heitande Hans Drageset? Har du info om familien?

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE